SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 30 skann 32

og den nyaste litteraturen, men ein bør førebu ei meir grundig litteraturhistorisk gjennomgåing ved å ta lettare tekster frå Aasen-Vinje-Garborg. I 4. klassen bør ein ha gått gjennom minst 2 av dei 5 hovudverka som skal leggjast opp til examen artium. For mange vil det høva å lesa noko svensk og dansk litteratur i denne klassen. Attåt det ein les elles, skulle det vera råd å koma gjennom noko faglitteratur og essays. I 5. klassen les ein så det som står att av hovudverka som vert lagde opp til eksamen og går gjennom dei luter av pensum som klassen ikkje har lesi før. Men ein bør ikkje avgrensa litteraturlesinga strengt til det som er lagt opp som pensum. Serleg bør ein i siste klassen i gymnaset freista orientera elevane i den moderne norske litteraturen. I denne klassen skal ein òg lesa det som pensum krev av faglitteratur og essays. Like etter nyttår les ein det samanhangande oversynet over norsk språkhistorie som ein skal ha med (om lag 10 t.). Til vanleg repeterer ein berre dei luter av pensum som vert rekna for å vera sers vanskelege. Den måten læraren nyttar til å gå gjennom diktverket, kan skifta mykje frå verk til verk, og læraren må ta omsyn til kor mogne elevane er, og kva han sjølv maktar. Men undervisninga bør vera merkt av initiativ og elevaktivitet, og læraren må stadig granska kritisk sin eigen metode og freista finna nye og betre måtar å leggja fram stoffet på. Mykje av lesetoffet kan elevane arbeida gjennom heime, sumt høver best til høgtlesing i klassen, og sumt til «still lesing». Det stoffet som er dramatisk eller kan dramatiserast, bør òg utnyttast på denne måten. Ved samtalar og arbeidsoppgåver kan ein utvida stoffet og trengja djupare inn i det. Men gamaldags «leksehøyring» av litterært stoff bør ein nytta minst mogleg. Litteraturhistorie I litteraturhistorie nyttar ein lærebok. I 3. klassen vil denne læreboka mest verta brukt som hjelpe- og oppslagsbok. Men når ein les pensum grundigare og meir samanhangande i 4. og 5. klassen, må litteraturhistoria òg lesast meir i samanheng. Serleg viktige avsnitt bør repeterast i siste klassen. Gamalnorsk Til vanleg byrjar ein lesa gamalnorsk i 4. klassen, og ein nyttar ei godkjend lærebok. — 30 —
Skann 32 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 13

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 30». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/32/