SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 31 skann 33

Stilskriving Når ein ikkje reknar årsprøve- og eksamensstilane med, bør elevane både i 2., i 4. og i 5. klasse skriva i hovudmålet 7—8 stilar, og av dei minst 3 på skolen. I sidemålet i 3. klasse bør ein ta til med stilar så snart klassen maktar det, t. d. 2 t. på skolen 3—4 gonger og 1—2 gonger heime. I 4. klasse: 4 stilar (2 på skolen) og 3 andre arbeid på skolen i 2 timar kvar gong. I 5. klasse: 2 tentamensstilar, 2 skolestilar og 3 heimestilar. Serleg når det gjeld heimestilar, må ein ikkje minst i 3. klasse, men òg i fyrste halvåret i 4. klasse gje elevane høve til å nytta friare former for stilskriving, t. d. arbeidsoppgåver av ymse slag, skriftlege diskusjonsinnlegg, referatoppgåver o. l. Det høver best å ta arbeidet med rettskriving og grammatikk i samanheng med dei skriftlege arbeida. Det 4-årige landsgymnaset Når det gjeld målet for undervisninga, eksamenskrav og Ålmenne rettleiingar for opplæringa, viser ein til det som er skrivi for det 5-årige gymnaset. Leseplan Klasse I Frå skoleåret byrjar og til jul kan det høva å samla arbeidet om hovudmålet, og eit par månader etter nyttår om sidemålet. I resten av skoleåret går arbeidet jamsides. Som tekster kan ein nytta ei høveleg lesebok med lette stykke av bokmenn frå nyare tid. I denne klassen bør ein lesa ei (eller fleire) norrøne soger i omsetjing. I grammatikk nyttar ein lærebok både i hovud- og sidemålet. Til lette for opplæringa i tysk og engelsk lyt ein sjå til at elevane snarast råd er blir støe i kjennskapen til ordklassar og setningslekkar. I hovudmålet skriv denne klassen 8—10 stilar av forteljande, skildrande eller lett resonnerande slag, og av desse om lag halvparten på skolen, 3—4 timar kvar gong. I sidemålet nyttar ein til å byrja med diktat, attforteljing, omsetjing, og siste halvåret nokre lette stilar. Klasse II Ein held fram med lesing av same slag som i 1. klassen, men alt før jul bør ein koma i gang med meir systematisk lesing av litteraturen og ta opp større og tyngre verk. No har ein òg bruk for ei — 31 —
Skann 33 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 9

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 31». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/33/