SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 29 skann 31

Det blir lagt opp om lag 20 sider dansk og om lag 20 sider svensk litteratur frå tida etter 1800. Om eksaminasjonen sjå rundskriv nr. 27-E-1954 frå Kirke- og undervisningsdepartementet. I eit tillegg til § 3, punkt 2 a nr. 1. har reglementet for examen artium her fått denne ordlyden: «Eksaminasjonen må da ta sikte på å prøve kandidatens evne til å forstå dansk og svensk. Kandidaten må gjere greie for innholdet, og det skal være høve til å kontrollere hans kunnskaper om sentrale skikkelser i svensk og dansk litteraturhistorie i tilknytning til pensum ved tilleggsspørsmål, ikke ordinær eksaminasjon. I tvilstilfelle kan så resultatet av slike tilleggsspørsmål gi utslag ved fastsettelsen av karakteren i muntlig norsk.» II. Litteraturhistorie. Det blir lagt opp ei godkjend lærebok i litteraturhistorie. III. Språkhistorie. Det blir lagt opp ei godkjend lærebok i språkhistorie. IV. Gamalnorsk. I gamalnorsk skal ein leggja opp minst 30 oktavsider lette tekster frå ei godkjend lesebok. Leseplan for 3.—4.—5. klasse Litteraturlesing Ein bør sjå litteraturlesinga i dei 3 gymnasåra som ein einskap, og kvar lærar bør nokså fritt kunna leggja ein gjennomtenkt plan for arbeidet. Det tidspunkt ein vel til å gå gjennom dei einskilde verk, utval og dikt, vil retta seg mykje etter kor mogne elevane er, kva interesser og ynske dei har, og den aktualiteten som t. d. einskilde skodespel kan få ved framsyningar på skuleteatret, gjennom radio o. l. Til dette kjem òg dei røynsler som den einskilde læraren kan ha gjort om sine eigne evner til å gjera ymse slag stoff levande, så det vekkjer interessa mellom elevane. Serleg i 3. klasse kan ein velja litteratur nokså fritt. For mange vil det høva godt å ta med sentrale verk i den nyare og nyaste litteraturen som er komne i skoleutgåver. Alt i 3. klassen les ein gjerne sagaverk, segner og eventyr, eller eit historisk skodespel av Bjørnson eller Ibsen, medan mange ventar med tekster som er vanskelegare (Wergeland-Welhaventida) til 4. eller 5. klassen. Når ein skal velja tekster på nynorsk, bør ein ta dei same omsyn som gjeld for bokmålstekstene. Ein kan leggja hovudvekta på den nyare — 29 —
Skann 31 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 12

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 29». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/31/