SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 83 skann 85

Ein nyttar grunnboka til handbok i samband med lesnaden. Grunnboka skal hjelpe elevane til å knyte epokane saman, til å setje dei i rett historisk samanheng og til å skape rett historisk perspektiv. B. Eller desse 4 epokane: 1) Arven frå antikken, 2) Mellomalderkulturen, 3) Renessanse og reformasjon, 4) Den franske revolusjonen og Napoleon, med dei oversyn som knyter denne lesnaden saman. Til serarbeid kan ein i klasse III og IV nytte om lag 10 timar. Ved eksamen i klasse IV prøver ein eksaminanden i norsk historie og i hovuddrag av grannelandshistoria til og med året 1814, og i dei 5 eller 4 epokane som er nemnde etter alternativ A og B i planen for klasse IV. (Verdshistoria etter 1870 og samfunnslæra er ikkje eksamenspensum i denne klassen.) I samband med epokelesnaden må eksaminanden kunne gjere greie for viktige historiske data fram til 1815. I klasse V les ein fyrst anten (etter alternativ A) epokane (1) Den industrielle revolusjonen og (2) Åndslivet på 1700-talet, eller (etter alternativ B) fritt vald lesnad. Dessutan les ein læreboka i samfunnslære, læreboka i verdshistorie frå 1815 til vår eiga tid og læreboka i nordisk historie frå 1815 til våre dagar. Når det gjeld pensumgjennomgåinga i historie og samfunnslære i gymnaset, vil ein streke under: Det er uråd å få tid til å ta heile pensumet med arbeidsoppgåver etter aktivitetsprinsippet, så læraren må etter personleg skjønn avgjere kva for emne han med størst vinning kan ta på arbeidsskolenmåten. I samfunnslære bør likevel aktivitetsundervisning med drøfting og aktualisering bli den vanlege framgangsmåten. I den samanhengen vil ein minne om at føresetnaden for ei nøktern drøfting er faktisk kunnskap om emnet. Ein vil òg peike på at det er ikkje nok berre å drøfte stoffet, spørje eller svare elevane. Det vil alltid vere dei som ikkje er med i drøftingane og sjeldan eller aldri spør om noko. Gjennom eksaminasjon, munnleg og skriftleg, bør ein syte for at alle elevar får klårleggje tankar og omgrep. Med å krevje at elevane gjev ei samanhengande munnleg framstelling, kan ein lære dei til å ordleggje seg presist, samstundes som ein kan få kontrollert om dei har kunnskapar og den rette forståing av det dei har lesi. Til serarbeid nyttar ein i avgangsklassen 10—12 timar. I alle klassar bør ein ta repetisjon i hovudbolkar av pensum. Ved eksamen i klasse V prøver ein eksaminanden i det han har lesi i avgangsklassen, og i alle høve i verdshistorie, nordisk historie og samfunnslære.
Skann 85 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 8

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 83». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/85/