SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 82 skann 84

det vere nok at eleven legg fram resultatet i nokre få hovudpunkt, eller legg fram eit skriftleg arbeid som historie- og norsklæraren i lag får døme om. Eleven kan illustrere med kartskisser, diagram, teikningar o. l. det materialet han legg fram for klassen. Det må vere ei hovudsak for læraren å finne fram til oppgåver og arbeidsformer, individuelt arbeid og gruppearbeid som høver for alderssteg og føresetnader til kvar einskild elev og kan hjelpe til å konkretisere stoffet og gjere omgrepa klåre. Han bør ta omsyn til serarbeida når han fastset standpunktkarakteren for faget historie og samfunnslære. Dersom ein kandidat som har valt alternativ B i historie og samfunnslære II, legg fram eit serarbeid som minst svarar til den maksimaltid (20 timar), ein kan til slike arbeid i avgangsklassen, kan han sleppe å bli eksaminert i den fritt valde lesnaden som høyrer med til alternativet, men i så fall må han kunne gjere greie for den framgangsmåten han har nytta og for hovudresultatet. Ein ser det reint ålment slik at verdet av serarbeid i historie og samfunnslære ligg meir i den vokster arbeidet gjev høve til, enn i sjølve arbeidsresultatet. Leseplan 5-årig gymnas I klasse I og II les ein etter planen for dei tilsvarande klassane i realskolen og tek eit grunnkurs i verdshistoria fram til 1870. Ved eksamen i klasse II prøver ein i det som er lesi i dei to fyrste klassane. I klasse III les ein fyrst resten av verdshistoria — tidbolken frå om lag 1870 til våre dagar — etter ei av dei lærebøkene som har vori nytta i klasse I og II. Sidan ein tek denne tidbolken grundigare i klasse V, må ein i klasse III kunne ta førebels-orienteringa i emnet på om lag 15 timar. Deretter les ein av samfunnslæra kapitla om riksskipnad og styringsverk, finanslære, næringslovgjeving og sosiallovgjeving. Ein nyttar til dette om lag 12 timar. Ein les så i læreboka i nordisk historie tidbolken fram til 1537 eller til 1660. I klasse IV held ein fram med nordisk historie til og med året 1814. Deretter les ein: A. Anten desse 5 epokane: 1) Aten i stordomstida, 2) Roma i keisartida, 3) Lenssamfunn og kyrkje ikring 1200, 4) Bysamfunn og borgarkultur i mellomalderen, 5) Sjøhandel og kolonipolitikk på 1700-talet.
Skann 84 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 82». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/84/