SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 84 skann 86

Serarbeid ved examen artium. Ved meldinga til examen artium i historie og samfunnslære II skal ein gje opp kva slag arbeid eksaminandane har drivi med i dei timane som er sette til serarbeid i avgangsklassen. Eksaminandane skal ha høve til å leggje fram serarbeid til begge prøvene i historie og samfunnslære (I og II). 4-årig landsgymnas Når det gjeld ålmenne rettleiingar, viser ein til planen for 5-årsgymnaset. Klasse I (2 veketimar). Ein les verdshistoria til 1870 (grunnboka). Klasse II (2 veketimar). Ein les nordisk historie til og med året 1814 i gymnaslæreboka. Av samfunnslæra bør ein lese bolkar som høver saman med Noregs-soga. Klasse III (4 veketimar). Ein les anten dei 7 obligatoriske epokane på same måten som etter alternativ A for 5-årsgymnaset, eller ein tek dei 4 obligatoriske epokane og den fritt valde lesnaden etter alternativ B i 5-årsgymnaset. Til serarbeid kan ein i klasse II—III nytte om lag 10 timar. Eksamenspensum i klasse III (historie og samfunnslære I) er nordisk historie til og med 1814 og anten (A) dei 7 obligatoriske epokane eller (B) dei 4 obligatoriske epokane og den fritt valde lesnaden. I samband med epokelesnaden må eksaminanden kunne gjere greie for viktige historiske data fram til 1815. Klasse IV (4 veketimar). Ein les verdshistoria, nordisk historie og samfunnslæra i lærebøkene for gymnaset. Til serarbeid nyttar ein 10—12 timar. Ved avgangseksamen tek ein prøve i pensumet for siste klassen (historie og samfunnslære II) på same måten som i 5-årsgymnaset. Serarbeid ved examen artium som i 5-årsgymnaset. Sertimar i historie på norrønlina. (2 veketimar i klasse III og 1 veketime i klasse IV). Føremålet med sertimane i historie på norrønlina er å auke kjennskapen til fedrelandshistoria, både i gamal og ny tid. I større mon enn på dei andre linene vil ein her kunne få tid til å klårgjere det nasjonale grunnlaget for utviklinga i landet, og samstundes påvise korleis innverknaden utanfrå har gjort seg gjeldande i kulturframvoksteren her heime. — 84 —
Skann 86 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 84». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/86/