SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 26 skann 28

Litteraturhistorie tek ein naturleg i samband med litteraturlesnad, like eins språkhistorie. For å få eit samla oversyn må ein nytta serskilde hjelpebøker i begge desse emne, men samanhangande lesing av desse bøkene kan venta til siste klassen. Lesing av dansk og svensk har same føremål som i realskolen og blir driven på same måten, men i dei øvste klassane bør det leggjast noko meir vekt på jamføringa med norsk. Undervisinga i rettskrivingslære og grammatikk bør i dei høgare klassane helst knytast til den skriftlege opplæringa, men elevane bør ha hjelpebøker som dei kan spørja til råds, og som læraren kan visa til. Elevane må få klårt føre seg at arbeidet med grammatikk og analyse er viktig for å læra framande mål og lettar arbeidet med desse. Ein elementær stilanalyse kan drivast i samband med dei fleste av dei nemnde sergreinene, serleg litteraturlesing og språkhistorie. Gamalnorsk. Hovudføremålet med å lesa gamalnorsk i gymnaset er å gje elevane nokon kjennskap til det gamle norrøne skriftmålet, og samstundes syna dei den språklege samanhengen med målføra og (det nynorske) skriftmålet i vår tid. Den litteraturen som ein kan arbeida seg gjennom på norrønt mål, er ikkje stor, og vil vel sjeldan kunna blir meir enn minstemålet, men bør til vederlag fyllast ut med lesing av tekster i omsetjing frå ymse område av bokheimen. Når ein arbeider med gamalnorske tekster, bør ein stø opplæringa i nynorsk ved at elevane blir oppøvde i å nytta dette målet ved omsetjinga. Det vil òg vera naturleg at ein les omsett litteratur frå den gamalnorske tida på nynorsk. Av grammatikk skal ein på dei vanlege linene kunna så mykje som det trengst til å skjøna dei gamalnorske tekstene ein les, og kunna forklåra dei formene ein råkar på. Noko grammatikklesing vert da turvande, men det må ikkje leggjast nokor hovudvekt på denne sida av emnet, og til eksamen skal det ikkje eksaminerast serskilt i grammatikk. På sume steg av opplæringa vil det vera naturleg å bruka konsentrasjonslesing. Det kan ein gjera ved at ein ei tid samlar seg om eit verk, ein forfattar, ein tidbolk eller eit visst emneområde. Dette siste kan òg gjelda skriftlege øvingar. Hovudmål og sidemål Morsmålopplæringa i gymnaset skal læra elevane dei to offisielle skriftmåla i landet. Dei har kvart for seg sin litteratur, si serskilde bøygningslære og rettskriving, i nokon mon òg sitt serkilde ord- — 26 —
Skann 28 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 12

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 26». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/28/