SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 25 skann 27

Grammatikk repeteres i den utstrekning en finner det nødvendig. Skriftlig: Skriftlig arbeid på hovedmålet og i sidemålet hver tredje uke, 3 à 4 ganger på skolen. 2-årig realskole Både i muntlig og skriftlig underviser en i det store og hele etter planen for den 3-årige realskolen. I klasse I bør en få gjennomgått minst ⅓ av det pensum som skal legges opp til eksamen. Det 5-årige gymnaset Mål og faggreiner Mål for opplæringa i norsk i gymnaset: 1. Elevane skal få ein nokolunde rik kjennskap til kulturlivet åt folket vårt, slik det kjem til syne i litteraturen i eldre og nyare tid. 2. Dei skal ha gått gjennom og kunna lesa opp og gjera greie for eit utval av litteratur i begge målformer og på svensk og dansk. 3. Dei skal kunna lesa opp og setja om eit mindre utval av gamalnorsk bokheim og ha kjennskap til det viktigaste av gamalnorsk formlære. 4. Dei skal kjenna hovuddraga i norsk litteraturhistorie og i norsk språkhistorie. 5. Dei skal kunna skriva om emne som høver for alderen og vokstersteget deira. Norskopplæringa fell da i desse faggreinene: a) Lesing av norsk litteratur (bokmål, nynorsk, gamalnorsk). b) Litteraturhistorie. c) Språkhistorie. d) Lesing av dansk og svensk litteratur. e) Øvingar i rettskriving og setningsanalyse i begge målformer, øvingar i formlæra i sidemålet, øvingar i teiknsetjing. f) Øvingar i skriftleg bruk av begge målformer. Ved utgangen av siste klasse skal elevane kunna godtgjera at dei fyller dei krav til kunnskap og mognad som blir sette opp i samsvar med målet for morsmålsopplæringa i faget. Skal elevane nå den størst mogelege dugleik og mognad, må dei sergreinene som faget fell i, så godt råd er, renna i hop til ei samla eining. Derfor må læraren for kvar klasse og kvar elevflokk i store drag setja opp ein klår plan for korleis tida skal nyttast.
Skann 27 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 25». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/27/