SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 122 skann 124

få røynsle i å skrive seg inn i eit emne. Arbeide medvite med å tileigne seg innhaldet i fagtekstar. Skrive sakprosatekstar om ulike emne, gjerne knytte til tverrfaglege opplegg. Lære tekstbehandling i tilknyting til skriving av eigne tekstar og øve på tastaturbruk bruke kunnskapen sin om tekst til å gi grunngitte tilbakemeldingar på tekstar undervegs i skriveprosessen arbeide med rettskriving ut frå individuelle behov. Bruke ordliste arbeide med tekst og bilete i biletbøker og bli kjende med nokre biletbokkunstnarar Kunnskap om språk og kultur I opplæringa skal elevane observere og diskutere det talespråket og kroppsspråket som blir brukt i ulike situasjonar som diskusjon, krangel, mobbing og forsoning. Registrere korleis det språket vi bruker, påverkar situasjonen granske uttrykksmåtar, verkemiddel og strukturar i dikt utforske korleis vi kan variere språket gjennom ordval og syntaks, undersøkje nokre trekk ved norsk setningsbygnad, samanlikne munnleg og skriftleg uttrykksmåte, blant anna i intervju, og bli klar over korleis dei kan lese på ulike måtar for ulike formål undersøkje nokre særtrekk, til dømes tekstbinding og struktur, ved fagtekstar som dei arbeider med snakke om opphavet til folkeviser, om bruken av dei og om den rolla dei spela vurdere innhald og form i fjernsynsprogram, få noko kunnskap om mediet og ta til å reflektere over det dei ser. Tileigne seg kunnskap om å lese bilete - hjelpe yngre elevar med å finne bøker i skulebiblioteket ■ ■ 6. klasse Lytte og tale / opplæringa skal elevane - samtale om eldre barne- eller ungdomslitteratur av forfattarar som til dømes Rasmus Løland, Hans Aanrud og Dikken Zwilgmeyer, og studere person- og miljøskildring - høyre eventyr, segner og ordtak frå andre land og kulturar, mellom anna den samiske, og fortelje dei til yngre elevar - forske ut lærestoff, til dømes kunnskap om andre kulturar, gjennom dramafaglege aktivitetar, til dømes mime, kroppsrørsler og rytme - trekkje ut hovudpunkta i eit fagstoff og leggje det fram som foredrag eller utgreiing i eller utanfor klassen - lytte til dialektprøver og prøve å plassere dei i ein landsdel. Arbeide med ordtak, faste uttrykk og språklege bilete - lytte til og sjølv lage eit «radioprogram», til dømes høyrespel, intervju eller reportasje, dramatisere ei forteljing og gjere opptak Lese og skrive I opplæringa skal elevane - fordjupe seg i lesing av bøker, til dømes leseprosjekt. Lese tekstar av nyare forfattarar på bokmål og nynorsk, noko på dansk og svensk. Bruke leselogg -skrive forteljing, arbeide med til dømes miljø- og personskildring, konflikt og løysing. Leggje vekt på ordval, nyansar og variasjon i språket. Samarbeide om å lage manus til filmforteljingar - skrive sakprosatekstar, gjerne knytte til arbeidet i andre fag. Hente aktuell informa- SIDE 122 NORSK
Skann 124 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 122». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/124/