SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 123 skann 125

sjon frå leksikon, oppslagsverk, fagbøker, diagram og bilete. Arbeide med avsnitt og rettskriving i eigne tekstar og få rettleiing etter behov lese aviser og sjå på stoffutval. Skrive ut og redigere eit intervju. Lage ei avis som blir publisert på skulen eller i lokalmiljøet, arbeide med overskrifter, bilete og sideutlegging, til dømes ved bruk av tekstbehandling. Eksperimentere med å kombinere tekst og bilete og med å integrere tekst og teikning ved hjelp av elektroniske hjelpemiddel. få god røynsle med fasane i arbeidet med tekst frå uklare idear til ferdig produkt. Gi positiv og konstruktiv tilbakemelding Kunnskap om språk og kultur I opplæringa skal elevane samle, systematisere og arkivere vitsar, skrøner, historier og vandreforteljingar i lokalmiljøet. Arbeide med munnlege kulturtradisjonar i nokre minoritetsspråk, mellom anna det samiske forske ut og diskutere komposisjon og verkemiddel i nokre munnlege sjangrar som foredrag og intervju diskutere kriterium for gode tilbakemeldingar på uferdige tekstar undersøkje korleis illustrasjonar, figurar, margtekst og liknande utdjupar innhaldet i ein tekst. Sjå på korleis skrifttypar, skriftstorleik og sideutlegging blir brukte til å utheve særleg viktige delar av teksten og underordne andre delar, til dømes overskrifter, ingress og fotnotar utforske og diskutere korleis avsnitt fungerer i skriftleg tekst. Arbeide med teiknsetjing, blant anna i forhold til skiljet mellom heil- og leddsetningar. Undersøkje korleis ulike ordklassar kan brukast til å uttrykkje funksjonar som årsak/verknad og samanlikning/kontrast - vurdere innhald og form i eit radioprogram ■ ■ 7. klasse Lytte og tale I opplæringa skal elevane - arbeide saman om faglege tema med vekt på å lytte aktivt - bruke og utvikle tekstkunnskapen sin i litterær samtale, med utgangspunkt i den opplevinga eleven har av teksten - bruke kropp og stemme i ulike spelsituasjonar og utforske og utvikle den personlege, dramatiske uttrykksevna. Eksperimentere med å framføre ein tekst på ulike måtar. Om mogeleg bruke video som hjelpemiddel. Spele kabaret, revy eller teater for andre, til dømes foreldre, med noko sjølvlaga materiale - få røynsle i å ta ordet i ei større forsamling og slik oppdage at dei meistrar denne utfordringa. Summere opp ein diskusjon i klassen. Presentere temaarbeid eller prosjektarbeid - samle leikar og barnetradis jonar, lære enkle samiske ord som til dømes å helse, takke, og ha ansvaret for opplegg på barnesteget Lese og skrive I opplæringa skal elevane lese ungdomsromanar for å oppdage og oppleve, norske og omsette. Lese, samtale om og framføre dikt og songar av forfattarar som til dømes Bjørnstjerne Bjørnson, Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje og Margrethe Munthe. Samtale om tekstar av forfattarar som til dømes Per Sivle, Oskar Braaten og Sigrid Undset og sjå på miljø, menneskesyn, språk og liknande. Bli kjende med éin eller fleire lokale forfattarar arbeide med sakprosatekstar, finne grunngivingar og forklaringar i det dei les, og bru- SIDE 123 NORSK
Skann 125 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 6

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 123». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/125/