SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 81 skann 83

med norsklæraren kan gje ein rikdom av serarbeid om norsk åndsliv og samfunnsliv frå Wergeland til i dag. Ein kan gje oppgåver om Noregs Storting, t. d. finne korleis ei norsk lov blir til, og ta for seg statsbudsjettet og nasjonalbudsjettet, som gjev høve til mange serarbeid. På grunnlag av lover og bladordskifte kan elevane få oppgåver om næringslovgjeving, næringsorganisasjonar, høvet mellom arbeidar og arbeidsgjevar. Dei kan òg få prøve seg på å finne interesser og idéar bak dei politiske partia. Ein kan ta serarbeid i samband med sosialøkonomien. I alt ordskifte om samfunnsspørsmål spelar statistikk, tabellar, diagram o. l. ei så stor rolle at elevane bør få lære å lage og bruke slikt, t. d. på grunnlag av Norsk statistisk årbok og andre statistiske publikasjonar. Det kan òg bli tale om meir teoretiske oppgåver, t. d. om arbeidsdeling, rasjonalisering, ulike syn på kapitalrente o. l. Arbeidsmåte Ein kan likevel ikke vere bunden til det eine eller det andre slag oppgåver på kvart steg. Ein må velje ut det som høver best i samråd med elevane. Det er viktig at elevane har ei kjensle av å produsere etter eige initiativ. Ekskursjonar til forhistoriske og historiske minnesmerke i museum eller ute på marka må ein førebu på førehand, slik at kvar elev veit kva han har å gjere; men han bør få sjå minnesmerket før han gjev seg nærare i kast med emnet. Ekskursjonar har elles ikkje berre fagleg-pedagogisk verd, og det kan vere ei oppgåve for t. d. elevrådet i samarbeid med skolerådet å skipe til reiser i samband med ekskursjonsdagar. Elevane bør få rettleiing i å arbeide ut seroppgåvene på skolen, både når dei byggjer på tilfang som er henta utanfrå og når dei held seg til litteratur, dokument eller bilettilfang i fagromet. Timar på det offentlege biblioteket som gjev øving i å ta seg fram der, kan òg kome på tale. På skolen kan læraren få høve til å hjelpe kvar elev til å finne fram til god metode i arbeidet, så eleven på den eine sida får sjå at han ikkje kan slutte meir enn materialet gjev grunn til, og på den andre sida lærer å nytte materialet fullt ut. Det er knapt føremålstenleg at elevane til vanleg legg ferdige arbeid fram som foredrag i klassen. Ein bør heller få dei til å tale fritt med stønad i berre notat. Det er ei god øving og vekkjer større interesse hos dei andre. Når ein nyttar slike frie foredrag, bør dei helst gje grunnlag for samtale i klassen. I mange høve kan 6 — U. planer — 81 —
Skann 83 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 81». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/83/