SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 80 skann 82

tak på grunnlag av kommunebudsjettet; å fylgje ei kommunal sak frå opptak til vedtak og iverksetjing; intervju med kommunale autoritetar om aktuelle kommunale oppgåver; kommunale spørsmål i fortid og notid, t. d. på grunnlag av budsjett og møte-protokollar. Alt dette kan høve som gruppearbeid. Når det gjeld verdshistoria, er kunsten sers høveleg arbeids­tilfang. Av den kunstreproduksjons-samlinga som skolen har eller rår over i samarbeid med t. d. folkebiblioteket, kan ein hengje opp i arbeidsromet reproduksjonar som viser ei voks­terline gjen­nom antikk, mellomalder, renessanse, barokk og rokokko, klas­sisme og romantikk, og få små elevoppgåver om kunstverk og kunstnarar, kunst og samfunn, sambandet mellom biletkunst og annan kunst, stil. Det kan òg vere naturleg å nytte historiske dokument til ser­oppgåver, t. d. frå klassiske bokverk, bokverk frå mellomalderen, renessansen, syttenhundretalet. Om konfrontasjon med historia gjennom tekster, sjå «Den høgre skolen» 1947, s. 195 flg. Det kan høve med biografiske emne, dersom ein kan finne fram til små oppgåver på grunnlag av brev, dagbøker o. l. Ei oppgåve­form som er verd å prøve, er denne: Ulike biografiske framstel­lingar om same person og aktstykke som t. d. minne, brev, dag­bøker blir granska av ei gruppe som legg arbeidet fram i samtale­form med stønad i berre notat. Det kan høve med «lengdesnitt» gjennom historia. Sjå «Den høgre skolen» 1932, s. 455 flg. Dersom ein underviser etter lærebøker som jamleg krev at ele­vane gjer små arbeidsoppgåver, treng ein ikkje dessutan ta ser­arbeid i III. og IV. klasse. Klasse V. Hovudsaka på dette steget må vere at eleven får øving i å samanlikne ulikt kjeldemateriale, i å sjå i historisk perspektiv og i å dra slutningar. Emne gjev verdshistoria etter 1815, nordisk historie etter 1815, samfunnslæra og sosialøkonomien. Ein kan ta for seg dokument som kan kaste lys over personar, hendingar og rørsler i historia, eller velje ut ei hendingsrekkje og finne årsakssamanhengen, eller finne miljøbakgrunnen for ein historisk person, eller jamføre ulike syn på fenomen i historia, eller setje eit einskilt aktuelt spørsmål inn i historisk samanheng, t. d. Atlantpakta og tradisjonen i norsk utanrikspolitikk. Ein kan samarbeide med kollegaer om oppgåver frå åndsliv, teknikk og samfunnsliv i det 19. og 20. hundreåret. Eit samarbeid
Skann 82 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 80». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/82/