SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 70 skann 74

70 seg sjølv, men bør også stø opp under utviklinga av språkevna til elevane og hjelpe dei i deira personlege vekst og modning. 4.2 Undervisningsformer Læraren og elevane bør samarbeide om ein framdriftsplan for undervisninga og for korleis ein kan veksle mellom ulike undervisningsformer, slik at opplegget blir både variert og målretta. Undervisninga bør veksle mellom klasseundervisning der heile klassen er samla om eit emne (t.d. samtale eller foredrag), og gruppearbeid der nokre elevar arbeider saman om ei oppgåve. Gruppene må vere organiserte slik at kvar elev kan ta aktivt del ut frå sine føresetnader. Elevane må også kunne arbeide med individuelle oppgåver på område der det er formålstenleg. Sidan faget berre har to veketimar, er det viktig at elevane i desse timane blir aktiviserte mest mogeleg. Størstedelen av arbeidet med faget bør gå for seg på skolen, men der forholda ligg slik til rette, bør elevane også kunne gjere litt arbeid heime. Høvelege heimeoppgåver kan t.d. vere enkle skriftlege oppgåver, tekstlesing (skjønnlitteratur eller sakprosa) som skal danne grunnlaget for klassediskusjon, førebuing til samtale eller kort foredrag om eit sjølvvalt emne. I klassar der det er innslag av vaksne elevar med yrkesrøynsle, kan desse elevane kanskje til tider få prøve seg som assistentlærarar. Det kan bli aktuelt å bruke lokale kulturtilbod arrangere besøk av forfattarar frå staden og besøkje lokale bibliotek. Nyare visekunst kan bli ein god innfallsport til litteraturen og til diskusjonar om samfunnsforhold. I arbeidslivsorienteringa kan det bli aktuelt å invitere foredragshaldarar frå ulike organisasjonar, ofte slik at norsklæraren og faglærarane samarbeider om opplegget. 4.3 Arbeidsformer Undervisningstida i faget er to timar per veke i 38 veker. Dette set ei stram ramme for undervisninga, og ein bør finne fram til eit opplegg for undervisninga som er mest mogeleg tilpassa klassen og kvar elev. Det er ikkje realistisk å rekne med at den effektive undervisningstida kan bli på meir enn 60 timar. Ein må avgjere etter skjønn kor stor del av dette som skal brukast på samfunnskunnskapsdelen av faget, da dei to delane av faget på mange punkt fell naturleg saman. Desse arbeidsformene kan vere aktuelle: Munnlege aktivitetar som omfattar lærarforedrag, ordskifte, gjennomgåing av stoff og oppgåver og orientering frå læraren, samtalar mellom
Skann 74 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 70». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/74/