SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 71 skann 75

71 læraren og ein elev og samtale mellom to elevar. Ordskifte vil ofte gå for seg som klasse- eller gruppediskusjon. Men det er viktig at ein prøver å øve elevane i å vere med i debatt, slik at det blir lettare for dei å ta del i diskusjonar og meiningsutvekslingar også etter at dei er ferdige med skolen. Tekstlesing vil vere aktuelt for delar av faget, som t.d. skjønnlitteratur og stoff til emne i samfunnskunnskapsdelen, utgangspunkt for diskusjon eller som grunnlag for skriftlege oppgåvesvar, dramatisering og rollespel. Oversiktslesing skal øve elevane i å setje seg inn i hovudtrekka i eit emne. Fordjupingslesing skal hjelpe elevane til å forstå eit stoff, gjerne i detalj. Ein kan t.d. lese arbeidsskildringar, kontraktar, rapportar, fagstoff (i andre fag) og annan sakprosa. I tillegg kan det vere aktuelt å lese skjønnlitterære tekstar som fordjupingslesing med tanke på å samtale om innhaldet og synsmåtane i teksten. Skriftlege oppgåveformer vil etter emneplanen omfatte fleire ulike oppgåvetypar som t.d. søknader, brev, rapportar, referat, meldingar og eventuelle andre lettare eller meir krevjande oppgåver. I dei skriftlege oppgåvene bør ein - så langt det er naturleg - ta omsyn til den fagleg tilknytinga elevane har, og til yrkesinteressene deira. 4.4 Koordinering med andre fag Emne søm t.d. rapportskriving, arbeidslivsorientering og andre delemne i samfunnskunnskapsdelen av faget innbyr til undervisningssamarbeid med lærarar i andre fag. Det same gjeld 6g arbeidet med litteratur. T.d. kan skjønnlitteratur opne for samarbeid med lærarar i teikning, forming, kunst- og kulturhistorie. Læraren og skolen kan i visse høve finne det formålstenleg å invitere folk utanfrå til å ta opp spesielle emne, t.d. etikk, seksualopplysning og arbeidslivsorientering. Der det er praktisk mogeleg, er det ønskjeleg om skolen engasjerer folk frå arbeidsformidlinga på staden for å gi elevane førstehandsorientering om korleis dei skaffar seg arbeid, om arbeidsmarknadsforholda og vidareutdanning i det fagområdet dei har valt. Ei slik orientering bør ein gi i slutten av skoleåret, og ein bør leggje ho til andre timar enn timane i norsk med samfunnskunnskap, t.d. til timar i valfag.
Skann 75 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 6

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 71». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/75/