SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve) s. 69 skann 73

69 yrkesretta stoff. Ein del av lesestoffet bør vere på sidemålet. Ein bør leggje mindre vekt på om utvalet er representativt for norsk litterær tradisjon. Det er viktigare at litteraturen engasjerer elevane og gir innsikt i samfunnslivet. Klassen og læraren bør i fellesskap velje emne i samfunnskunnskap. Det er viktig at dei emna som blir valde, engasjerer elevane. Stikkorda under kvart emne peiker på mogelege innfallsportar til stoffet. Etiske spørsmål er etter målet for faget ein integrert del av heile undervisninga i nOrsk med samfunnskunnskap. Valemnet etikk skal ikkje erstatte dette, men gjere det mogeleg å fordjupe seg i enkelte felt. 3.3.1 Halvårige kurs Av omsyn til elevar som tek meir enn eitt halvårig kurs, må ein syte for ikkje å gå gjennom dei same emna i samfunnskunnskapen både haust og vår. For haustkurset gjeld: Vel a) og minst eitt av emna d), e), f), g), h) eller i). For vårkurset gjeld: Vel b) og c) og minst eitt av emna j) - p). Det kan 6g veljast andre emne som fell naturlege etter linjeval og interesser i klassen. 4. ARBEIDSMÅTAR 4.1 Arbeide med faget Val av arbeidsmåter må vere målretta, slik at elevane lærer seg å samarbeide og vise toleranse overfor kvarandre, samstundes som dei skal lærast opp til sjølvstendig og kritisk tenking. Arbeidet med faget må gi alle elevane eit rimeleg tilbod, også når ein tek omsyn til den spreiinga i evner, interesser og anlegg som ein må vente å finne der. Undervisninga må ta utgangspunkt i nivået hos kvar elev og nivået i klassen. Elevane må i samarbeid med læraren få rimeleg høve til å arbeide med emne som dei har spesiell interesse for. Dei må også få hjelp til å finne stoff og til å planleggje eit arbeid. Læraren bør i den grad det er ønskjeleg og nødvendig - ta omsyn til den yrkesretninga elevane har valt. Eit hovudmål for arbeidet med faget er å samordne dei enkelte delmåla. Arbeidet med samfunnsorientering og litteratur skal ha ein verdi i
Skann 73 av R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1985 (4. utgåve), s. 69». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1985-komplett/s/73/