SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 121 skann 123

Ida Lorentzen: Rondo, 1983. Olje på lenet dei kunne gi uttrykk for tankar, meiningar og røynsler, og oppleve at dei får tilbakemelding på det dei vil formidle. Dei skal kunne oppleve at skriving er med på å klargjere tankane, og vinne røynsle med arbeidet frå uklare idear til publisert tekst. Elevane skal ha kjennskap til skriftlege massemedium og utvikle dugleik i å bruke elektroniske medium. Kunnskap om språk og kultur Elevane skal ha ei viss forståing av den rolla språk og tekst spelar i kulturtradisjonen vår. Dei skal utforske korleis det munnlege og skriftlege språket blir brukt og er oppbygd, og slik lære nyttige omgrep for å snakke om språk. Dei skal utvikle forståing for korleis vi bruker språket i meir offentlege samanhengar. Elevane skal ha noko kjennskap til korleis munnleg og skriftleg språkbruk skil seg frå kvarandre og lære noko om verkemiddel og komposisjon i ulike munnlege og skriftlege sjangrar. Dei skal kunne bruke skulebiblioteket meir sjølvstendig og skal ha noko kunnskap om korleis media kan brukast til å samhandle med andre. Hovudmoment for 5.-7. klasse ■ ■ 5. klasse Lytte og tale I opplæringa skal elevane - bruke rollespel og improvisasjon til å leve seg inn i situasjonen til andre og prøve ut korleis dei kan ordleggje seg, bruke dramatiske arbeidsmåtar som agering og mime. Utvikle språkleiken vidare, til dømes vitsar, «tungekrøllarar» og liknande - leggje fram eigne tankar, lærestoff og nyhendestoff, slik at andre fattar interesse for det som blir sagt -lytte til høgtlesing og slik dele litterære opplevingar, danse og syngje folkeviser - samtale om eigne opplevingar av bilete og estetiske sider ved bilete - sjå og snakke om program på fjernsyn - lage intervju, gjerne med opptak på band Lese og skrive I opplæringa skal elevane - lese og oppleve nyare dikt. Formidle dikt gjennom dramatisering og framføring. Skrive dikt og arbeide med verkemiddel som verselinje, bilete, samanlikning og gjenta- king - lese korttekstar og barne- og ungdomsbøker av nyare forfattarar og ei eldre utanlandsk bok, til dømes Robinson Crusoe, Huckleberry Finn eller Heidi. Finne ut korleis forfattarar skaper spenning, bruker humor, skildrar personar og liknande. Bli kjende med nokre fleire norrøne mytar som til dømes historia om Loke, Hel, Fenresulven og Midgardsormen og Ragnarok - bruke kjelder til å skaffe seg opplysningar om ein nolevande forfattar og skrive ein biografisk tekst SIDE 121 NORSK
Skann 123 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 121». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/123/