SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 120 skann 122

øve seg i å framføre enkle talar og leggje fram fagstoff i klassen sjå film og samtale om innhaldet Lese og skrive I opplæringa skal elevane få hjelp til å utvikle gode lesemåtar og dermed få betre innhaldsforståing og lesefart lese nyare litteratur, norsk og omsett, blant anna av samiske forfattarar. Møte fantastisk litteratur av nyare dato, til dømes av Tove Janson og Roald Dahl, og bli oppmuntra til å ta i bruk fantastiske element i si eiga skriving møte tekstar av forfattarar som til dømes Henrik Wergeland, Bjørnstjerne Bjørnson og Barbra Ring, høyre eller lese kunsteventyr av H.C. Andersen og Regine Normann arbeide med teikneseriar og samtale om språket i dei skrive sakprega tekstar om det dei er opptekne av, og slik ta vare på skaparlysta og uttrykksgleda. Bruke litteratur som inspirasjon for eigne forteljingar. Arbeide med oppbygging, mellom anna byrjing, utvikling og slutt. Høyre eller lese tekstane til kvarandre, seie kva dei likar og spørje om det dei ikkje forstår. Skrive nokre tekstar på data og slik utvikle seg til å bli dyktige på tastatur Kunnskap om språk og kultur I opplæringa skal elevane arbeide med sjangertrekk i eventyr og andre forteljingar, høyre om den kulturen forteljingane vart til i. Undersøkje korleis ei god forteljing er bygd opp, og arbeide med å dele inn tekstar i avsnitt finne fram til særtrekk ved språket i teikneseriar. Arbeide med forteljemåtar i film SIDE 120 NORSK - samtale om kva som gjer munnlege framføringar gode, og vurdere det språket vi bruker når vi argumenterer - finne nokre ordtak i sitt eige nærmiljø, granske lokale stadnamn og snakke om kva dei tyder - studere og eksperimentere med reklame, finne verkemiddel og samtale om påverknadskraft - lære meir om ordklassane og funksjonane deira i arbeid med tekstar, som verb til å få fram til dømes fart, pronomen til å skape samanheng og liknande bruke bibliotek til å få ei viss oversikt over bøker av forfattarar dei kjenner, og lese eit tekstutval som kan levandegjere éin eller fleire av dei Mål for mellomsteget, 5.-7. klasse Lytte og tale Elevane skal utvikle evna til å lytte aktivt, og utvikle språket sitt gjennom å bruke det i samtale, samarbeid, diskusjon og framføring. Dei skal få røynsle i å tilpasse språket etter situasjonen og formålet. Elevane skal møte munnlege tekstar frå ulike kulturar og erfare at det er mangfald og variasjon. Dei skal oppleve drama og teater som uttrykksform, og dei skal kunne bruke ulike medium i arbeid med framføringar. Lese og skrive Elevane skal utvikle varierte lesestrategiar og kunne lese tekstar på bokmål og nynorsk. Dei skal bli kjende med eit breitt utval skjønnlitteratur og sakprosa, som kan gi oppleving og stimulere leseglede, kunnskapstørst og spenningstrong, og kunne bruke idear frå tekstar av ulike forfattarar i si eiga skriving. Dei skal lese og samtale om eit breitt utval tekstar, også elevtekstar, og lære å utnytte det ulike sjangrar byr på av ulike uttrykksformer. Gjennom si eiga skriving skal
Skann 122 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 8

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 120». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/122/