SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 119 skann 121

■ ■ 3. klasse Lytte og tale I opplæringa skal elevane lytte til segner, norrøne mytar som til dømes historia om Ask og Embla, legender og andre forteljingar lytte til utdrag av barnelitteratur frå tidlegare tider, samtale om tekstane dei høyrer lytte konsentrert til kvarandre og følgje opp med spørsmål, gi att hovudinnhaldet i noko dei har lese eller høyrt fortelje og framføre tekstar dei har laga sjølv, vere med i skodespel, lage replikkar og ta del i framføringar med seg sjølv eller med dokker som rollefigurar. Tileigne seg lærestoff gjennom leik, song, dans, rollespel og dramatisering formulere eigne synspunkt, kunne uttrykkje semje eller usemje med andre og arbeide seg opp toleranse for synet til andre Lese og skrive I opplæringa skal elevane lese mykje og for ulike formål, lese nyare litteratur av norske, samiske og nordiske barnebokforfattarar og av barnebokforfattarar frå andre land, møte eldre litteratur som folkeeventyr og fablar granske bilete i bøker, i aviser og i nærmiljøet, lese aviser saman og samtale om det dei er opptekne av hente førebilete og inspirasjon til eiga skriving frå det dei les, høyrer og ser, skrive i ulike sjangrar, blant anna dikt, og eksperimentere med språklege verkemiddel som gjentaking, samanlikning og bilete samtale om tekstane til kvarandre og gi positiv og grunngitt tilbakemelding på teikningar og tekstar - få røynsle i å brevveksle med elevar ved andre skular eller andre mottakarar - arbeide med å utvikle ei samanhengande handskrift, skaffe seg vidare røynsle i å lese og skrive, til dømes på datamaskin, og arbeide med skiljeteikn i eigne tekstar Kunnskap om språk og kultur I opplæringa skal elevane samtale om samspelet mellom lytting og tale, røyne korleis stemmebruk og kroppsspråk er viktig for det som blir sagt eller framført - samtale om dei sjangrane dei har arbeidd med - granske sin eigen dialekt, samtale om skilnader mellom skriftspråk og talemål, og undersøkje tydinga av og opphavet til sitt eige namn og namnet til andre - byrje å arbeide med ulike typar hovudsetningar og teiknsetjing, mellom anna punktum, ropeteikn, spørjeteikn, arbeide med ordklassar og den funksjonen dei har i språket - få øving i å finne fram bøker på skulebiblioteket ■ ■ 4. klasse Lytte og tale I opplæringa skal elevane arbeide med tekstar som tek opp konfliktar dei kan kjenne seg att i. Utforske vennskap og uvennskap, rettferd og urettferd, krangel og forsoning gjennom diskusjon, improvisasjon og rollespel høyre og fortelje eventyr, fablar, mytar og segner, også frå fjerne himmelstrok gi att og lage dramatiseringar av forteljingar, og eventuelt formidle dei med video eller kassettspelar SIDE 119 NORSK
Skann 121 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 119». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/121/