■ ■ 2. klasse
Lytte og tale
I opplæringa skal elevane
leike, og lære gjennom leik, leike med ord,
gjette gåter og lære nokre ordtak
dagleg møte eventyr eller andre tekstar gjennom
høgtlesing, til dømes eventyr frå Asbjørnsen
og Moe og Grimm-brørne og forteljingar
frå Nordahl Rolfsen, samiske eventyrsamlingar
og eventyr frå minoritetskulturar
høyre nokre norrøne mytar som til dømes
Tor med hammaren og Odin og Valhall
framføre enkle rollespel eller dramatiseringar
i klassen, eller for foreldra
syngje folkeviser, songar og salmar
fortelje kvarandre om det dei er opptekne
av, få og gi positiv tilbakemelding
framføre eigne og andre sine tekstar, bli
vane med å høyre ulike dialektar og talemål
ta del i samtalar og hevde eigne meiningar,
bli oppmuntra til å spørje om det dei ikkje
forstår eller undrar seg over. Ta imot meldingar
og formidle dei vidare
sjå og snakke om film
Lese og skrive
I opplæringa skal elevane
bruke bokstavane og gradvis erobre lese- og
skrivekunsten. Ta i bruk samanhengande
skrift når dei har automatisert samanhengen
mellom lyd og bokstav, og det fell naturleg
for dei
møte eit rikt utval av barnelitteratur med
roller gutar og jenter kan identifisere seg
med, av forfattarar som til dømes Thorbjørn
Egner, Astrid Lindgren og Anne Cath.
Vestly. Lese sjølv etter kvart som det fell
naturleg for dei. Granske bilete i bøker
- teikne og forme innhaldet i tekstar dei høyrer
eller les. Gi positiv og grunngitt tilbakemelding
på andre sine teikningar og tekstar
- skape tekstar i sjangrar som brev, ulike sakprosatekstar,
dikt og forteljingar, ved hjelp
av ein vaksen nedskrivar eller ein annan
skrivefør person, eventuelt skrive sjølv. Lage
«bøker», veggaviser og plakatar
- leike på datamaskin, skrive og teikne
Kunnskap om språk og kultur
I opplæringa skal elevane
samtale om skilnader mellom sjangrar dei
arbeider med, lære noko om det sørgjelege
og det morosame og sjangrane tragedie og
komedie
arbeide med roller og replikkar i ein dramatisk
tekst, vurdere verdien av stemmebruk
og kroppsspråk, få noko røynsle med enkle
rekvisittar
- lære å uttrykkje seg aksepterande og verdset
j ande om det andre seier og skriv. Finne
ut korleis vi uttrykkjer spørsmål og undring,
kva vi bruker ulike ytringar og ord til,
til dømes spørsmål og utsegner
- arbeide med bokstavane, bli kjende med at
bokstavar har namn og representerer språklydar.
Lære om opphavet til nokre ord. Få
ei første innføring i ordklassar ved å sjå på
til dømes den funksjonen adjektiv og substantiv
har i språket
- venje seg til å bruke biblioteket og få hjelp
til å finne fram bøker
SIDE 118 NORSKSkann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 118». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/120/