SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 114 skann 116

får røynsle med sidemålet som eit bruksspråk, ikkje berre som eit oppgavespråk og prøvespråk. Skriving blir knytt til lesing av litteratur og andre tekstar. På den måten bind ein språk og litteratur saman. Elevane må få prøve seg på ulike sjangrar og ulike typar tekstar og oppleve at dei blir flinkare til å skrive. Skriving går og ut på omarbeiding og omskriving. Tekstar blir til i prosess og samspel. Elevane må få nyte godt av individuelle tilbakemeldingar i skrivinga. Dei må oppmuntrast til å reagere på prestasjonane til kvarandre og gjere seg nytte av råd frå andre i si eiga skriving. Å samtale om eigne tekstar og om tekstane til andre er med på å utvikle eit språk om språket. Elevane blir fortrulege med byggjeklossane i språket og med korleis dei blir bygde saman. Slik blir arbeidet med grammatikk sett inn i ein lærerik samanheng. Å skrive er ein måte å lære på. Elevane må få skrive seg fram til forståing og innsikt. Når ein knyter arbeid med språket til ulike tema som elevane er opptekne av, får språkleg arbeid eit innhald for elevane. I den munnlege delen av faget skal elevane få tilbod om ulike former for munnlege aktivitetar. Ein må sikre breidda i faget. Elevane må få prøve ut ulike sjangrar og måtar å framføre og presentere stoff på, nytte dramaaktivitetar for å oppleve, innsjå og formidle, og lytte til argumenta frå andre gjennom samtalar og diskusjonar der alle er med. Dei tre hovudstega har sine særpreg. Leiken er ei livsform for dei yngste og ei viktig læringsform. Opplæringa på småskulesteget skal leggje til rette for leik og stimulere til læring gjennom leik. Elevane må få undrast og forske ut omgivnadene og tileigne seg kunnskap og dugleik som byggjer på den kunnskapen og den røynsla dei har med seg når dei kjem til skulen. På mellomsteget har elevane større evne til konsentrasjon og sjølvstendig arbeid og tenking, til å trekkje linjer og setje i perspektiv. Dei er meir faktaorienterte. Samtidig kan dei kople oppleving med refleksjon og gi betre uttrykk for tankane sine. Arbeidsmåtane må leggje til rette for oppleving, til dømes gjennom litteratur og utprøving av eiga skriving. Elevane må oppmuntrast til ta utfordringar i den faglege utviklinga si. Det er ein naturleg del av læringa å gjere feil. Lesing og skriving er seine aktivitetar som fremjar refleksjon. Elevane må derfor få konsentrere seg om eit arbeid i lengre økter når behovet er der. På ungdomssteget blir elevane etter kvart meir kritiske og sjølvstendige. Det vil seie at dei meir enn før kan vere med på å planleggje arbeid, forme ut arbeidsoppgåver, velje prosjekt og skrivetema og vurdere arbeid. Dei må få prøve ut dei sidene faget byr på, eksperimentere med sjangrar, prøve ut medium og fordjupe seg i ulikt fagstoff. Når elevane vurderer læringssituasjonar, prosessar og produkt, får dei også innsikt i si eiga læring. Elevane må få drøfte kriterium for korleis dei skal vurdere det arbeidet dei gjer. På den måten får dei innsikt i og perspektiv på faget og kan betre planleggje det vidare arbeidet sitt og den faglege utviklinga. SIDE 114 NORSK
Skann 116 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 6

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 114». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/116/