Strukturen i faget
Vi lærer språk gjennom skriftleg og munnleg samhandling, gjennom
å gi meldingar og gjennom deltaking. Vi får ny kunnskap - forstår
noko på nye måtar - når omgrep blir utvikla i eit sosialt samspel.
Evna til å uttrykkje seg blir opparbeidd fordi ein møter og bruker
stadig nye ord, uttrykk og tekstar, inkludert det elevane kjem over i
bilete og medium. Slik blir språk knytt til det levde livet. I kvardagen
er morsmålet først og fremst knytt til samtalen, men dei ulike
oppgåvene morsmålet skal sikre, krev ulike språklege uttrykksformer
og arbeidsmåtar. Elevane treng å få røynsle med eit rikt munnleg og
skriftleg repertoar. Derfor blir språkvariasjon og sjanger viktige element
i opplæringa.
Tekstomgrepet i planen er breitt og dynamisk. Ein tekst er både
prosess og produkt. Elevane arbeider med munnlege og skriftlege
tekstar, bilete, biletmedietekstar og elektroniske tekstar.
Dette synet på språket - at vi tileignar oss det når vi går inn i
det som andre før oss og rundt oss har skapt, og at det blir utvikla
gjennom det vi sjølv gir i aktiv samhandling - ligg til grunn for inndelinga
av faget i tre breie område:
• lytte og tale
• lese og skrive
• kunnskap om språk og kultur, som spring ut av arbeidet i dei to
første områda, og som gir kunnskap om verdien, funksjonen og
oppbygginga til morsmåletSkann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 115». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/117/