SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 113 skann 115

113 Ny teknologi har skapt nye former for kommunikasjon. Skrift, tale, lyd og bilete blir integrerte gjennom informasjonsteknologien. Det opnar for nye former for kommunikasjon og tilrettelegging av kunnskap. Opplæringa i morsmålet må ruste elevane til å møte informasjonsteknologien som kreative og kritiske brukarar. Norsk er eit kommunikasjonsfag. Arbeidsmåtar i faget Læreplanen for norskfaget skal vere eit middel til å gi elevane eit felles kunnskapsgrunnlag, verdigrunnlag og kulturgrunnlag som femner om dei alle. Faget skal utvikle gleda ved god form, forteljing og formidling, sansen for ord og uttrykk og evna til ryddig, variert og smidig framstilling. Arbeidsmåtane må fremje utfalding og refleksjon omkring lærestoffet. Ein skal ta omsyn til at elevar er ulike og lærer på ulike måtar. Opplæringa må sleppe elevane til som aktivt utforskande i si eiga læring og på den måten stimulere dei til å bli meir forvitne, få større lærelyst og meir fantasi. Dei må få høve både til sjølvstendig arbeid og samarbeid. Arbeidsmåtane skal sikre at norsk er eit dynamisk, heilskapleg fag. Til alle tider har det vore ein samanheng mellom litterære tekstar og andre uttrykksformer, frå dans og drama til musikk og biletkunst. Opplæringa i norsk må derfor knytast nært til dramatiske og estetisk uttrykk. Forteljingar må vere eit sentralt innslag i opplæringa, anten det dreiar seg om norrøne mytar og segner, lyrikk, noveller og romanar, eller forteljingar frå den verkelege verda: soger og skildringar, forteljingar frå det praktiske arbeidslivet, frå heim og samfunn, menneskeskildringar og biografiar som kan fange interessa til elevane, fremje allmenndanning og gi impulsar til vidare fordjuping. Stoffutvalet bør byggjast opp med progresjon frå dei små forteljingane til dei store, der ein etter kvart inkluderer historia om litteraturen sjølv. Arbeidsmåtane i morsmålet må ha som mål å stimulere leselysta og lesegleda hjå elevane. Lesing må knytast til drøfting av det som blir lese, slik at elevane får røynsle i å formulere det dei undrast over eller reagerer på. Elevane møter sidemålet tidleg og får høve til å prøve det ut gjennom lesing og skriving over lengre tid utan at dei skal vurderast. Dei SIDE 113 NORSK Språket er eit medium som ligg mellom menneske, og tunge- målet til den enkelte blir utvikla gjennom samhandling med andre. Språk blir lært interaktivt gjennom aktivitetar mellom menneske. Å lære språk er blant dei mest sosiale av alle menneskelege fenomen. Kommunisere kjem av det latinske ordet «communicare», som ty- der å «gjere felles». Vi må altså dele omgrep og førestellingar med andre for å kunne uttrykkje oss til dei og kunne forstå det dei vil dele med oss. Skulen må vere med på å gi elevane del i denne felles ar- ven, i desse førestellingane og utfordringane for å gjere dei til myn- dige deltakarar i fellesskapen.
Skann 115 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 113». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/115/