SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 112 skann 114

stadig blir nye, ikkje berre gjennom tilsiget frå andre kulturar og frå nye tekniske vendingar, men også gjennom uttrykk og slang frå ungdommen sjølv. Norsk er eit kulturfag. Kvart språk har reglar for logikk og argumentasjon, for slutning og tolking, noko som er ein føresetnad både for tenking og samhandling. Læring skjer når ein forstår det nye ut frå det kjende. Men eit språk er ikkje berre ord og omgrep, det følgjer reglar og har ein grammatikk som også er eit hjelpemiddel for å lære andre språk. Eit rikt ordforråd og skjerpa sans for mangfaldet i språket stimulerer både lytting og lesing og evna til å uttrykkje seg. Vi bruker språket for å forstå verda og for at andre skal forstå oss. Norsk er eit dugleiksfag. Fer Kleiva: Love, Silketrykkfarge på akrylplate og furupanel 1979. Den bodskapen som blir formidla og oppfatta, er avhengig av samanhengen bodskapen blir gitt i. Tekst er farga av kontekst. Somme gonger legg vi avgjerande vekt på presisjon, på eit klart og eintydig språk, andre gonger på det tvitydige, det underfundige og det tenkte. For å kunne bruke språket nyansert og smidig må ein både vere nysgjerrig på ord, kjenne dei assosiasjonane dei vekkjer, og få røynsle med verkemidla i språket, litteraturen og retorikken. Gjennom munnleg samhandling uthevar og forsterkar vi den eigenlege tydinga av orda med kroppsspråk som tonefall og mimespel, skeive smil, flakkande blikk eller tårefylte auge. Språkleg framstilling kan også knytast til andre former for formidling, som tonar og bilete, musikk og kunst, som gjer at orda ber lenger enn når teksten står aleine. Evna til å sanse og formidle kan dyrkast, pleiast og utviklast. SIDE 112 NORSK
Skann 114 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 1

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 112». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/114/