SKARD English

Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning s. 212 skann 216

212 av språkforståinga. Under føresetnad av differensiering i gruppa vil somme elevar mot slutten av kurset kunne arbeide med friare arbeidsoppgåver i staden for tekstlesing. I kurset det andre året vil tekstane få meir sjølvstendig verde. Snorres Edda, Heimskringla og utdraget av ei islandsk ættesoge vil danne ein kjerne i den intensive lesnaden. Elles vil ein kunne velje fritt noko intensiv lesnad etter interesser og evner hos elevane. Intensiv lesnad vil her seie at ein til tekstane knyter ein realkommentar, og at tekstane dannar haldepunkt i eit visst litteraturhistorisk og mytologisk oversyn i tillegg til at elevane skal kunne gjere greie for språklege moment i tekstane. Ekstensiv lesing vil seie at elevane les igjennom og forstår innhaldet i tekstane utan å leggje vekt på om kvar einskild språkleg detalj er forstått. Føremålet med ekstensiv lesnad er å gi elevane ei noko breiare innføring i norrøn prosalitteratur og trena opp evna til å forstå meininga i ein tekst ut frå samanhengen ho står i. Med fritt valt arbeid tar ein sikte på at elevane kan arbeide sjølvstendig, individuelt eller i grupper, med særskilte oppgåver i samband med norrøn litteratur eller kultur. Det kan vere å gi referat av ei eller fleire ættesoger, «Iler å nytte ut det kulturstoff som ligg i sogen?, lovene eller annan litteratur til særoppgåver av ymse slag, osv. Elevane skal i samband med det fritt valde arbeidet lese minst ei ættesoge, eller eit tilsvarande sidetal norrøn litteratur i omsetjing.
Skann 216 av Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 6

Siter

Læreplanatlas. «Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning, s. 212». Versjon 2026-09-28. /planer/gymnas-1964/laereplan-gymnaset-1974-allmenn-studieretning/s/216/