SKARD English

Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning s. 213 skann 217

213 4. ARBEIDSMÅTAR U.1.1. Målsetjinga får desse konsekvensane for arbeidet med faget: Skal elevane nå dei kunnskapsmåla som planen set opp, må hovudtyngda av arbeidet liggje på den språklege opplæringa. Men kunnskapar i norrønt er ikkje eit mål i seg sjølv. Gjennom arbeidet med norrønt skal eleven oppdage noko av den nyanserikdommen som enno finst i norsk. Ut frå dette skal han bli stimulert til å arbeide kritisk med si eiga språkføring. Dette vil seie at ein heile tida må ha samanhengen mellom eldre og nyare språk for auge. Norrønt som tilvalsfag og studieretningsfag kan ikkje - og skal ikkje - bli eit reint språkleg kurs. Vil ein skjøne den gamle litteraturen, må ein kjenne noko til det miljøet tekstane er blitt til i. Det ville og vere i strid med målsetjinga om ein forsømde denne bak- grunnskunnskapen. Men tida tillet ikkje at ein gjer kultur- og litteraturhistorie til eigne disiplinar. Dette stoffet må bli knytt til arbeidet med teksten. Kunnskap om kulturminne må kome inn på same måten. 4,1.2. Arbeidet med faget. Generelle merknader. Arbeidet med norrønt språk krev ein kombinasjon av god arbeidsorden og fantasi. Ein kan ikkje lære å ta seg fram i ein norrøn tekst utan at ein har visse kunnskapar i norrøn grammatikk. Vil ein eigne til seg slik kunnskap, må ein lære å arbeide nøyaktig og systematisk. Noko pugg må til. Men arbeidet med språket krev og at ein tek meir skapande evner i bruk: ein må kunne kombinere kunnskapar frå ulike område, ein må skaffe seg oversyn over eit stoff, leve seg inn i det ein les om, og tenkje logisk. Arbeidet med stoffet skal utvikle både disiplin og intuisjon.
Skann 217 av Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 1

Siter

Læreplanatlas. «Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning, s. 213». Versjon 2026-09-28. /planer/gymnas-1964/laereplan-gymnaset-1974-allmenn-studieretning/s/217/