SKARD English

Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning s. 211 skann 215

211 3,2.2. Emneliste for 2, året. A. Munnleg, I. Grammatikk. a. Ei meir grundig innføring i norrøn lydlære på språkhistorisk bakgrunn og med tanke på korleis lydskifte viser seg i bøyingsverket. b. Ei meir systematisk innlæring av formverket. c. Ei systematisk gjennomgåing av hovuddraga i setningslæra. II. Lesing. a. Lesing av 100-120 sider tekst, av dette 50 sider intensivt. Minst 30 sider av den intensive lesnaden skal hentast frå Snorres Edda, Heimskringla og islandsk ættesoge. Resten kan takast frå andre kongesoger, Kongsspegelen, tætter, omsett litteratur osv. III, Fritt valt arbeid. a. Arbeidsoppgåver om ymse sider av norrøn litteratur eller kulturliv med grunnlag i lesnad av omsette tekstar (ættesoger, konge- soger, lover o.l.) B. Omsetjing av mindre tekstar (i-3/4 normalside) frå norrønt til bokmål eller nynorsk. Etter kvart noko språkleg eller sakleg kommentar knytt til tekstane. 3.3. Kommentar til emneljs Første årskurset vil ta sikte på å lære elevane å skjøne sjølve språket. Intensiv lesing vil her seie at ein fester seg ved og forklarar dei språklege momenta ved tekstane. Elevane skal og få eit grunnlag i ordtilfang, Realkommentarane vil først og fremst bli knytte til forståing av tekstane, Ein tar ikkje sikte på å gi noko systematisk oversyn over norrøn litteratur, myttfrldgi osv. Dei skriftlege Øvingane vil først og fremst tene innlæringa av språket, Mot slutten av året kan ein setje noko høgre krav, og øvingane kan tene til ein kontroll
Skann 215 av Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 8

Siter

Læreplanatlas. «Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning, s. 211». Versjon 2026-09-28. /planer/gymnas-1964/laereplan-gymnaset-1974-allmenn-studieretning/s/215/