SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950 s. 73 skann 75

— 73 — Arbeidsmåte. Ein kan likevel ikkje vere bunden til det eine eller det andre slag oppgåver på kvart steg. Ein må velje ut det som høver best i samråd med elevane. Det er viktig at elevane har ei kjensle av å produsere etter eige initiativ. Ekskursjonar til forhistoriske og historiske minnesmerke i muséum eller ute i marka må ein førebu på førehand, slik at kvar elev veit kva han har å gjere; men han bør få sjå minnesmerket før han gjev seg nærare i kast med emnet. Ekskursjonar har elles ikkje berre faglegpedagogisk verd, og det kan vere ei oppgåve for t. d. elevrådet i samarbeid med skolerådet å skipe til reiser i samband med ekskursjonsdagar. Elevane bør få rettleiing i å arbeide ut seroppgåvene på skolen, både når dei byggjer på tilfang som er henta utanfrå og når dei held seg til litteratur, dokument eller bilettilfang i fagromet. Timar på det offentlege biblioteket som gjev øving i å ta seg fram der, kan òg kome på tale. På skolen kan læraren få høve til å hjelpe kvar elev til å finne fram til god metode i arbeidet, så eleven på den eine sida får sjå at han ikkje kan slutte meir enn materialet gjev grunn til, og på den andre sida lærer å nytte materialet fullt ut. Det er knapt føremålstenleg at elevane til vanleg legg ferdige arbeid fram som foredrag i klassen. Ein bør heller få dei til å tale fritt med stønad i berre notat. Det er ei god øving og vekkjer større interesse hos dei andre. Når ein nyttar slike frie foredrag, bør dei helst gje grunnlag for samtale i klassen. I mange høve kan det vere nok at eleven legg fram resultatet i nokre få hovudpunkt, eller legg fram eit skriftleg arbeid som historie- og norsklæraren i lag får døme om. Eleven kan illustrere med kartskisser, diagram, teikningar o. l. det materialet han legg fram for klassen. Det må vere ei hovudsak for læraren å finne fram til oppgåver og arbeidsformer, individuelt arbeid og gruppearbeid, som høver for alderssteg og føresetnader til kvar einskild elev og kan hjelpe til å konkretisere stoffet og gjere omgrepa klåre. Han bør ta omsyn til serarbeida når han fastset standpunktkarakteren for faget historie og samfunnslære. Det skal i historie og samfunnslære II, alternativ B, vere høve til å leggje fram ved eksamen i staden for fritt vald lesnad eit serarbeid som er så stort at det minst svarar til den maksimaltid (20 timar) ein krev til slike arbeid i avgangsklassen. Dersom eksaminanden har valt serarbeid i staden for fritt vald lesnad, må han kunne gjere greie for den framgangsmåten han har nytta og for hovudresultatet. Ein ser det reint ålment slik at verdet av serarbeid i historie og samfunnslære ligg meir i den vokster arbeidet gjev høve til, enn i sjølve arbeidsresultatet.
Skann 75 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 6

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950, s. 73». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1950-komplett/s/75/