SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950 s. 72 skann 74

— 72 — oppgåver om kunstverk og kunstnarar, kunst og samfunn, sambandet mellom biletkunst og annan kunst, stil. Det kan òg vere naturleg å nytte historiske dokument til seroppgåver, t. d. frå klassiske bokverk, bokverk frå mellomalderen, renessansen, syttenhundretalet. Om konfrontasjon med historia gjennom tekster, sjå »Den høgre skolen« 1947, s. 195 fg. Det kan høve med biografiske emne, dersom ein kan finne fram til små oppgåver på grunnlag av brev, dagbøker o. l. Ei oppgåveform som er verd å prøve, er denne: Ulike biografiske framstellingar om same person og aktstykke som t. d. minne, brev, dagbøker blir granska av ei gruppe som legg arbeidet fram i samtaleform med stønad i berre notat. Det kan høve med »lengdesnitt« gjennom historia. Sjå »Den høgre skolen« 1932, s. 455 flg. Dersom ein underviser etter lærebøker som jamleg krev at elevane gjer små arbeidsoppgåver, treng ein ikkje dessutan ta serarbeid i III. og IV. klasse. Klasse V. Hovudsaka på dette steget må vere at eleven får øving i å samanlikne ulikt kjeldemateriale, i å sjå i historisk perspektiv og i å dra slutningar. Emne gjev verdshistoria etter 1815, nordisk historie etter 1815, samfunnslæra og sosialøkonomien. Ein kan ta for seg dokument som kan kaste lys over personar, hendingar og rørsler i historia, eller velje ut ei hendingsrekkje og finne årsakssamanhengen, eller finne miljøbakgrunnen for ein historisk person, eller jamføre ulike syn på fenomen i historia, eller setje eit einskilt aktuelt spørsmål inn i historisk samanheng, t. d. Atlantpakta og tradisjonen i norsk utanrikspolitikk. Ein kan samarbeide med kollegaer om oppgåver frå åndsliv, teknikk og samfunnsliv i det 19. og 20. hundreåret. Eit samarbeid med norsklæraren kan gje ein rikdom av serarbeid om norsk åndsliv og samfunnsliv frå Wergeland til i dag. Ein kan gje oppgåver om Noregs Storting, t. d. finne korleis ei norsk lov blir til, og ta for seg statsbudsjettet og nasjonalbudsjettet, som gjev høve til mange serarbeid. På grunnlag av lover og bladordskifte kan elevane få oppgåver om næringslovgjeving, næringsorganisasjonar, høvet mellom arbeidar og arbeidsgjevar. Dei kan òg få prøve seg på å finne interesser og idéar bak dei politiske partia. Ein kan ta serarbeid i samband med sosialøkonomien. I alt ordskifte om samfunnsspørsmål spelar statistikk, tabellar, diagram o. l. ei så stor rolle at elevane bør få lære å lage og bruke slikt, t. d. på grunnlag av Norsk statistisk årbok og andre statistiske publikasjonar. Det kan òg bli tale om meir teoretiske oppgåver, t. d. om arbeidsdeling, rasjonalisering, ulike syn på kapitalrente o. l.
Skann 74 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950, s. 72». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1950-komplett/s/74/