SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950 s. 29 skann 31

— 29 — Eksamen: Ved slutten av det siste skuleåret vert det haldi skriftleg artiumsprøve i gamalnorsk. Til denne prøva skal kandidaten kunna gje ei rett omsetjing til grei og naturleg norsk av ei ukjend gamalnorsk tekst som ikkje er for lett. Omsetjinga bør helst gå til nynorsk. Attåt denne omsetjinga kan det krevjast ei stutt utgreiing om eit språkleg, litterært eller historisk emne som har samanheng med den oppgjevne teksta. Denne utgreiinga bør normalt ikkje vera over 2 skrivne sider. Til den munnlege artiumsprøva skal kandidaten kunna lesa opp og setja om eit stykje av det statariske pensumet og kunna gje saklege og språklege utgreiingar om det opplesne stykket. Han skal òg kunna gjera greie for verket (og eventuelt forfattaren av verket) som stykket er teki frå. Dessutan skal han kunna lesa opp og setja om eit ukjent, lettare prosastykke. Ein kan òg, om ein finn det turvande, prøva kandidaten i det kursoriske pensumet ved å lata han lesa opp og setja om eit stykke av det. Leseplan. Kl. II. Ein går gjennom lette øvingsstykke og lesestykke etter ei næmingsbok, les bøygningslæra etter same boka og driv attåt mykje med elementære bøygningsøvingar. Skriftleg: Eit stykke ut i hausthalvåret tek ein til med skriftlege øvingar på skulen, i fyrstninga omsetjingar frå nynorsk til gamalnorsk av setningar og småstykke som medar på å øva inn grammatikken. I siste delen av skoleåret tek ein til med omsetjingar frå gamalnorsk til nynorsk av lette stykke. I tillegg til slike omsetjingar kan ein gje små øvingsoppgåver i bøygning av namnord, sterk og linn bøygning av adjektiv, verbalbøygning o. s. b. Kl. III. I denne klassen les ein om lag 100 sider statarisk og 50 sider kursorisk. Ein og annan time vert nytta til ekstemporallesnad av lett prosa både i denne og i siste klassen. Ein byrjar med å lesa eit utval or Heimskringla og held fram med å lesa eit utval or ei ættesoge. I slutten av skoleåret les ein vanskelegare delar av pensumet. Bøygningslæra og viktige delar av setningslæra blir lesne etter ei serskild lærebok. Skriftleg: Øving i omsetjing frå gamalnorsk til nynorsk kvar fjortande dag. Av og til vert det gjevi tilleggsspørsmål i eit språkleg, litterært eller historisk emne. Kl. IV. Ein les 50 sider statarisk og 30 sider kursorisk og repeterer det statariske pensum. Grammatikken vert lesen ut og viktige delar repeterte om det trengst. Litteraturhistoria vert lesen i samanheng. Skriftlege øvingar kvar fjortande dag og av same slaget som i førre klassen.
Skann 31 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 10

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950, s. 29». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1950-komplett/s/31/