SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950 s. 28 skann 30

— 28 — Gamalnorsk på norrønlina. Føremålet med lesnaden av gamalnorsk på norrønlina er å gje elevane nokolunde allsidig kjennskap til norrøn bokheim og tolleg stø kunnskap i det gamalnorske målet. Gjennom denne lesnaden skal dei læra å kjenna viktige sider ved gamalnorsk kulturliv og samfunnsliv og læra å sjå den kulturelle samanhengen mellom notid og fortid i landet vårt. Pensum: Det skal leggjast opp til avgangseksamen eit statarisk pensum på 150 sider, av dei skal 15—20 sider vera poesi (Eddadikt og skaldedikt), 55—60 sider kongesoger (av dei om lag 40 sider or Heimskringla), 35 sider av islandske ættesoger, 20 sider av Snorre-Edda, 20 sider av Kongespegelen. Dessutan vert det lagt opp eit kursorisk pensum på 80 sider av historisk og blanda innhald (Heimskringla, Kongespegelen, utdrag av lover, brev, omsetjingslitteratur, religiøs og mytologisk litteratur). Noko av det kursoriske pensumet kan vera i unormalisert form, så elevane kan læra å kjenna viktige dialektskilnader i det gamle målet. Sume av dei vanskelegare stykka i næmingsboka kan reknast med i det kursoriske pensumet; 20—30 sider av dette pensumet kan takast frå færøyisk eller nyislandsk litteratur. Opplæringa: Til hjelp ved litteraturlesnaden bør ein ha ei lærebok i norrøn litteraturhistorie (80—100 sider), som blir gjennomgått i samband med tekstlesnaden og lesen i samanheng i siste klassen. Dessutan må ein nytta ei stutt lærebok i gamalnorsk grammatikk (60—70 sider). Boka bør gje eit stutt utsyn over lydlære, formlære og setningslære, såleis at elevane kan få stø kjennskap til dei former som blir bruka i vanleg prosa. Boka bør òg ha eit stutt oversyn over ordavleiing og ordsamansetning. Ved tekstgjennomgåinga bør ein halda fram likskap og ulikskap med nynorske målføre både når det gjeld grammatikk og ordtilfang. Elevane bør, så mykje som råd er, sjølve freista å finna fram til denne samanhengen mellom gamalt og nytt mål. Når ein går gjennom det mytologiske lesestoffet, må ein gje elevane nognare opplysningar om dei mytologiske skapnader og førestellingar ein møter i tekstene, og sjå dei i samanheng med det gamle mytologiske systemet. Når tekstene byr høve til det, må ein gjera elevane kjende med kultminne som løyner seg i mange av våre stadnamn og i vår folketradisjon. I samband med lesnaden av sogepensumet, Kongespegelen og anna lesestoff, bør ein gje elevane nognare opplysningar om gamalnorsk stats- og privatliv når tekstene byr høve til det. Best var det om ein her hadde ei stutt skriftleg framstelling å stø seg til.
Skann 30 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 11

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950, s. 28». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1950-komplett/s/30/