SKARD English

R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne s. 3 skann 6

Feil! Fant ikke referansekilden. Kjennskap til norsk skriftkultur inneber også noko kjennskap til den nordiske og den internasjonale skriftkulturen som vi er ein del av. Kjennskap til påverknad, samanheng og kontrast mellom det heimlege og det framande kan gi nye perspektiv på kulturarven. Dei kulturkonfliktane som er og har vore ein del av samfunnet vårt, må også synleggjerast og drøftast. Kulturomgrepet, slik ein må forstå det i skolesamanheng, dreiar seg ikkje berre om at kulturarven skal formidlast. Kultur blir også skapt i skolen, i samspelet mellom den sosiale og kulturelle samanhengen elevane står i og skolekulturen elevane møter. Språkopplæring Gjennom norskfaget skal elevane, kvar etter sine eigne føresetnader, lære å uttrykkje seg klart og eintydig, både skriftleg og munnleg, samstundes som dei skapande evnene blir nørte og nærte. Fantasi og leik har sin sjølvsagde plass i norskundervisninga, men likevel må ein aldri miste av syne at det kvardagsspråket elevane treng mest i arbeids-og samfunnslivet, er den smidige bruksprosaen, det klare resonnementet, bygd opp gjennom tolmodig øving, god konsentrasjon og høveleg rettleiing. Elevane skal få medvit om at dei må utforske og erobre språket gjennom heile livet, på nytt og på nytt. Gjennom språket vinn dei innsikt om verda, gjennom språket veks dei og mognar dei, gjennom språket oppdagar dei, ofte i glede, men kanskje oftare i slit og møde, dei nye perspektiva, dei nye horisontane og den nye kunnskapen dei treng. Det er derfor viktig at norskopplæringa framelskar språkleg medvit, slik at elevane styrkjer den språklege sjølvkjensla, samstundes som dei lærer seg å respektere andre språklege variantar enn den dei sjølv bruker. Å lære å skrive er ein komplisert prosess der det ikkje utan vidare er éin veg frå middel til mål. Elevane skal få høve til å utvikle språk-og stilsans gjennom å skrive i ulike situasjonar og i ulike tekstformer. Å skrive inneber både kreativitet og tilpassing til språklege normer og konvensjonar, og det er ei viktig oppgåve for norskfaget å gi elevane rettleiing i dette. Gjennom profesjonell rettleiing frå læraren, men også gjennom rettleiing og reaksjonar frå andre elevar, kan elevane utvikle evna til å vurdere eigne tekstar. Gjennom norskopplæringa skal elevane lære at det å skrive godt, inneber at ein avpassar innhald og språkføring etter samanhengen ein skriv i. Der det praktisk ligg til rette for det, bør bruk av tekstbehandling integrerast i arbeidet med faget. Kunnskap om språket Kunnskap om språket i fortid og samtid er ein del av norskfaget. Skal elevane utvikle eit rikt og dugeleg språk, må dei ha ein terminologi som gjer at dei kan beskrive korleis språket er bygd opp, og korleis det fungerer i tale og tekst. Like viktig er det at dei forstår korleis det norske språket har vakse fram frå ei indoeuropeisk fortid og til den språksituasjonen vi har i dag. Gjennom språkhistoria skal elevane skjøne føresetnadene for dei to skriftspråka våre, forstå språksituasjonen i dag og samstundes utvikle språkleg toleranse. Det er viktig at elevane forstår kvifor språket endrar seg, og korleis den internasjonale massekulturen overrislar den norske kvardagen med angloamerikanske ord og uttrykk. Framand påverknad kan vere av det gode, men han må støypast i vår eigen tradisjon og ikkje få lov til å utvatne dei røynslene og nyansane som berre vårt eige mål finn fullgodt uttrykk for. Massemedium
Skann 6 av R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne, s. 3». Versjon 2026-09-28. /planer/r94/r94-norsk-felles-1993/s/6/