SKARD English

R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne s. 2 skann 5

Feil! Fant ikke referansekilden. Norsk er eit grunnleggjande fag i allmenndanninga. Ikkje berre har det stor eigenverdi, men det grip også over i dei andre faga. Vi tenkjer gjennom språket, og det å meistre morsmålet er ein føresetnad for å kunne formulere tankar og kjensler, og det er grunnlaget for all læring. Det er også grunnlaget for å kunne utvikle personleg og kulturell identitet, etisk og estetisk sans og evna til å orientere seg i samfunnet. Gjennom faget skal elevane få kunnskap om norsk litteratur og kultur, om språk og samfunn, om liv og arbeid, om kulturtradisjonar og massemedium. Dei skal kunne sjå linjene i utviklinga og også få syn for korleis norsk kultur inngår i ein større kulturfellesskap. Norsk er eit språk-og tekstfag som omfattar kunnskap om språket som system og språket i funksjon gjennom skriftlege og munnlege tekstformer som er og har vore vanlege i vår kultur. Dette gjer at norsk blir eit svært omfattande fag med rom for mange ulike aktivitetar og eit vidt tekstmateriale. Føremålet er at elevane skal lære av og om språk og litteratur i eit samspel mellom kunnskapsstoffet, tekstmaterialet og arbeidsmåtane i faget. Faget må i størst mogleg grad framstå som ein heilskap for elevane, og det må også vere knytt til studieretninga som elevane går på. Fagintegrering Norskfaget har ein klar eigenverdi, men det er også eit viktig reiskaps-og støttefag for andre fag. Fagintegrering og tverrfagleg samarbeid vil i mange høve vere naturlege arbeidsformer i norskfaget. Særleg er det viktig å finne fram til moglege skjeringspunkt mellom yrkesfaga og norskfaget. Når elevane til dømes skal lære om rapportskriving i norskfaget, er det naturleg å la dei velje eit tema frå yrkesfaget. Også i valet av litteratur, ikkje minst sakprosa, kan det vere fruktbart å utnytte stoff og tema som elevane arbeider med i andre fag. Litteratur Arbeidet med litteratur har brei plass i norskfaget, både fordi litteraturen representerer ei viktig side ved norsk kulturhistorie, og fordi lesing har mykje å seie for personleg og språkleg modning og utvikling. God litteratur er ein viktig stimulans både etisk og estetisk og gir elevane perspektiv på eigne røynsler. Samstundes gir litteraturen døme på korleis røyndommen kan formulerast og utforskast gjennom språket, og god litteratur kan vere ein fin stimulans og tene som språkleg modell for elevane når dei skriv sjølv. Norskfaget skal utvikle evna til å skjøne, oppleve og vurdere norsk litteratur frå eldre tider og fram til i dag. Eit rikt utval av norsk skjønnlitteratur og sakprosa utgjer kjernen i litteraturlesinga, men også tekstar frå nordisk og internasjonal litteratur har sin plass. Kulturarven Norskfaget er ein viktig formidlar av den nasjonale kulturarven. Faget har som ei sentral oppgåve å formidle innsikt i norsk språk og litteratur frå norrøn tid og opp til vår tid. I faget skal elevane få møte viktige verk av høg litterær kvalitet, som gir elevane ein kulturhistorisk dimensjon, overfører kunnskap frå fortida og utviklar eit kollektivt medvit. Opplæringa skal skape innsikt i vårt eige, om verdiar, idear og førestillingar som er viktige for den norske veremåten, og om nokre av dei mange referansane som litteraturen i vid meining har gitt oss. På den måten kan kulturarven gi oss ei felles referanseramme som er grunnlaget for god kommunikasjon, felles oppleving og forståing av kultur og samfunn.
Skann 5 av R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 2

Siter

Læreplanatlas. «R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne, s. 2». Versjon 2026-09-28. /planer/r94/r94-norsk-felles-1993/s/5/