SKARD English

R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne s. 1 skann 4

Feil! Fant ikke referansekilden. Kapittel 1: Generell informasjon 1.1 Innleiing * Faget i historisk perspektiv Undervisning i morsmålet har lang tradisjon i Noreg. Den første lese-og skriveopplæringa her i landet var på 1700-talet knytt til konfirmasjonsundervisninga, mens norskfaget i moderne meining, med norsk kultur, litteratur og språk i sentrum, voks fram i folkeskolen kort etter 1850. I middelskolen og gymnaset fekk norskfaget først eit gjennombrot ved reforma i 1896, og det var ikkje minst det moderne nasjonale gjennombrotet i litteraturen og innføringa av Nordahl Rolfsens lesebok i folkeskolen som opna vegen for det nye norskfaget. Formidling av norsk kultur og nasjonal fellesskapskjensle var hovudmålet for faget. Også innanfor yrkesfagleg utdanning har morsmålsfaget lange tradisjonar, og undervisninga var gjerne knytt nær opp til yrkesfaget og etter kvart også til samfunnskunnskap. Om undervisninga i fagskolar heiter det i ei innstilling frå Kyrkje-og undervisningsdepartementet i 1919: "Det skal ikke bare være fortsettelsesskolens oppgave å utdanne duelige arbeidsmennesker og dyktige samfunnsborgere, men også gode mennesker. Hertil er morsmålet uundværlig." Synet på kva som er viktig å lære i norskfaget, har endra seg noko opp igjennom tidene. Etter læreplanane frå 1899 skulle middelskole-elevane mellom anna lære å lese "tydelig og udtryksfuldt" både på landsmålet og "det almindelige Bogmaal". Gymnaselevane skulle ha gjennomgått og kunne gjere greie for eit utval av litteraturen som var skrive på gammalnorsk, landsmål og "det almindelige Bogmaal". Dei fekk opplæring i litterære emne, og frå 1906 av måtte dei skrive to stilar til examen artium, éin på hovudmålet og éin på sidemålet. I endringane av læreplanane av 1910 og 1920 vart det lagt vekt på "at gi eleven et saa fyldig kjendskap som mulig til vort kulturliv i forskjellige tider, saaledes som dette aabenbarer seg i litteraturen" og å "bringe elevene til at forstaa hvad gavn og glæde der kan oppnaaes ved en læsning som gir sig tid til at dvæle ved innhold og form". Først i 1930-åra vart det understreka at norsk er "skolens centrale fag" (plankomiteen 1939), og at faget også hadde til oppgåve å orientere elevane i tilværet. I tida etter den andre verdskrigen voks det fram eit større medvit om korleis elevane gjennom å utvikle eit rikare språk også utviklar seg sjølv og samstundes kvesser evna til å gripe meir av den verda dei lever i. Historia syner at læreplanane for norsk i det 20. hundreåret lyftar faget opp som eit sentralfag som skal utvikle evna til å skjøne, lese, skrive, samtale, drøfte og tenkje, men også som eit kulturfag som skal skape medvit om røtene våre og kveikje kunnskapen om, interessa for og gleda ved språk og litteratur. * Innleiinga gjeld heile norskplanen. Innhald og mål for norskfaget
Skann 4 av R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 2

Siter

Læreplanatlas. «R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne, s. 1». Versjon 2026-09-28. /planer/r94/r94-norsk-felles-1993/s/4/