SKARD English

R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne s. 24 skann 27

Feil! Fant ikke referansekilden. Eksamensoppgåver til skriftleg eksamen skal i hovudsak vere knytte til mål og hovudemne for faget. Dersom eksamen i norsk består av to skriftlege eksamensdagar, skal den eine oppgåva skrivast på hovudmålet og den andre på sidemålet. Standpunktkarakterane i norsk skriftleg (hovudmål og sidemål) skal setjast på grunnlag av eit breiare utval av oppgåvetypar og skrivesituasjonar enn eksamenskarakteren, og ikkje berre på grunnlag av oppgåvetypar som eleven kan få til eksamen. Eksamenskarakterane og standpunktkarakterane skal til saman dokumentere brei skriftleg kompetanse i norsk. For vurdering av norsk skriftleg og oppgåvetypar til norskeksamen viser ein til Vurderingsrettleiingar i norsk, utgitt av Eksamenssekretariatet. Vurdering av særemnet i norsk (vidaregåande kurs II) skal inngå som ein del av karakteren i norsk skriftleg dersom eleven leverer ei skriftleg oppgåve. Dersom særemnet blir munnleg presentert, inngår det som ein del av vurderinga i norsk munnleg. I kvart av skoleåra skal elevane gjennomføre eitt eller fleire prosjektarbeid. I minst eitt av prosjektarbeida skal fleire fag, både felles allmenne fag og studieretningsfag, inngå. Vi viser elles til vedlegg 2 - Vurderingsordningar.
Skann 27 av R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne, s. 24». Versjon 2026-09-28. /planer/r94/r94-norsk-felles-1993/s/27/