SKARD English

R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne s. 23 skann 26

Feil! Fant ikke referansekilden. Kapittel 3: Vurdering 3.1 Kvifor vurdering? Målet med vurdering er å sikre ein nasjonal standard i opplæringa slik at vi kan få eit godt og likeverdig opplæringstilbod for alle. Vurderinga må byggje på måla for faget, slik dei er formulerte i læreplanen. Vurdering har ulike føremål, mellom anna • å informere eleven, føresette, læraren og skolen i arbeidet fram mot eit læringsmål • å rettleie, motivere og utvikle eleven • å motivere læraren til kontinuerleg å vurdere undervisningspraksisen sin • å informere samfunnet, arbeidslivet og vidare utdanning om den kompetansen eleven har oppnådd 3.2 Kva skal vurderast? Måla for opplæringa, slik dei er fastsette i den generelle delen av læreplanen og i kapittel 2 i denne læreplanen, dannar grunnlaget for vurderinga Det er eleven sin samla kompetanse som skal vurderast, slik denne kompetansen er formulert i måla for opplæringa Vurderinga av eleven skal vise i kva grad ho/han har nådd måla i læreplanen 3.3 Korleis skal ein vurdere? Ein skil mellom to hovudtypar av vurdering: • Vurdering undervegs. • Avsluttande vurdering. Vurdering undervegs har som føremål å informere og motivere elevane og lærarane i arbeidet med å nå opplæringsmåla. Slik vurdering kan vere formell eller uformell. Eit nyttig hjelpemiddel i vurderingsarbeidet undervegs kan vere at eleven fører arbeidsbok, loggbok, dagbok eller liknande som er knytt til gjennomføringa av opplæringa. Den formelle vurderinga undervegs kjem til uttrykk i terminkarakterane. Lærarane vil finne idear og hjelp til vurderingsarbeidet i ei metodisk rettleiing. Avsluttande vurdering kjem til uttrykk i standpunktkarakterar og i dokumenterte resultat av avsluttande eksamen. 3.4 Spesielle forhold som gjeld vurdering i Norsk
Skann 26 av R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 2

Siter

Læreplanatlas. «R94 · Norsk · plan 1993 · 1998-merket vitne, s. 23». Versjon 2026-09-28. /planer/r94/r94-norsk-felles-1993/s/26/