SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 58 skann 60

Norsk med samfunnskunnskap - Yrkesfag og lærlingskole 58 Størstedelen av arbeidet med faget bør gå for seg på skolen, men der forholda ligg slik til rette, bør elevane også kunne gjere litt arbeid heime. Høvelege heimeoppgåver kan t.d. vere enkle skriftlege oppgåver, tekstlesing (skjønnlitteratur eller sakprosa) som skal danne grunnlaget for klassediskusjon, førebuing til samtale eller kort foredrag om eit sjølvvalt emne. I klassar der det er innslag av vaksne elevar med yrkesrøynsle, kan desse elevane kanskje til tider få prøve seg som assistentlærarar. Det kan bli aktuelt å bruke lokale kulturtilbod - arrangere besøk av forfattarar frå staden og besøkje lokale bibliotek. Nyare visekunst kan bli ein god innfallsport til litteraturen og til diskusjonar om samfunnsforhold. I arbeidslivsorienteringa kan det bli aktuelt å invitere foredragshaldarar frå ulike organisasjonar, ofte slik at norsklæraren og faglærarane samarbeider om opplegget. 4.3. Arbeidsformer Undervisningstida i faget er to timar per veke i 38 veker. Dette set ei stram ramme for undervisninga, og ein bør finne fram til eit opplegg for undervisninga som er mest mogeleg tilpassa klassen og kvar elev. Det er ikkje realistisk å rekne med at den effektive undervisningstida kan bli på meir enn 60 timar. Ein må avgjere etter skjønn kor stor del av dette som skal brukast på samfunnskunnskapsdelen av faget, da dei to delane av faget på mange punkt fell naturleg saman. Desse arbeidsformene kan vere aktuelle: Munnlege aktivitetar som omfattar lærarforedrag, ordskifte, gjennomgåing av stoff og oppgåver og orientering frå læraren, samtaler mellom læraren og ein elev og samtale mellom to elevar. Ordskifte vil ofte gå for seg som klasse- eller gruppediskusjon. Men det er viktig at ein prøver å øve elevane i å vere med i debatt, slik at det blir lettare for dei å ta del i diskusjonar og meiningsutvekslingar også etter at dei er ferdige med skolen. Tekstlesing vil vere aktuelt for delar av faget, som t.d. skjønnlitteratur og stoff til emne i samfunnskunnskapsdelen, utgangspunkt for diskusjon eller som grunnlag for skriftlege oppgåvesvar, dramatisering og rollespel. Oversiktslesing skal øve elevane i å setje seg inn i hovudtrekka i eit emne. Fordjupings lesing skal hjelpe elevane til å forstå eit stoff, gjerne i detalj. Ein kan t.d. lese arbeidsskildringar, kontraktar, rapportar, fagstoff (i andre fag) og annan sakprosa. I tillegg kan det vere aktuelt å lese skjønnlitterære tekstar som fordjupingslesing med tanke på å samtale om innhaldet og synsmåtane i teksten. Skriftlege oppgåveformer vil etter emneplanen omfatte fleire ulike oppgåvetypar som t.d. søknader, brev, rapportar, referat, meldingar og eventuelle andre lettare eller meir krevjande oppgåver. I dei skriftlege oppgåvene bør ein - så langt det er naturleg - ta omsyn til den faglege tilknytinga elevane har, og til yrkesinteressene deira.
Skann 60 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 58». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/60/