SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 59 skann 61

Norsk med samfunnskunnskap- Yrkesfag og lærlingskole 59 4.4. Koordinering med andre fag Emne som t.d. rapportskriving, arbeidslivsorientering og andre delemne i samfunnskunnskapsdelen av faget innbyr til undervisningssamarbeid med lærarar i andre fag. Det same gjeld og arbeidet med litteratur. T.d. kan skjønnlitteratur opne for samarbeid med lærarar i teikning, forming, kunst- og kulturhistorie. Læraren og skolen kan i visse høve finne det formålstenleg å invitere folk utanfrå til å ta opp spesielle emne, t.d. etikk, seksualopplysning og arbeidslivsorientering. Der det er praktisk mogeleg, er det ønskjeleg om skolen engasjerer folk frå arbeidsformidlinga på staden for å gi elevane førstehandsorientering om korleis dei skaffar seg arbeid, om arbeidsmarknadsforholda og vidareutdanning i det fagområdet dei har valt. Ei slik orientering bør ein gi i slutten av skoleåret, og ein bør leggje ho til andre timar enn timane i norsk med samfunnskunnskap, t.d. til timar i valfag. 5. VURDERING Dei generelle føresegnene om vurdering står i kapittel 8.1 i del 1 av Læreplan for den vidaregåande skolen. Elevane skal ha ein standpunktkarakter når dei er ferdige med kurset. Vurderinga må byggje på målet for faget og det stoffet som blir gjennomgått. Karakteren for arbeidet gjennom året byggjer på prestasjonane i munnleg og skriftleg bruk av språket, der ein legg like stor vekt på munnleg som på skriftleg. Når ein vurderer, skal ein ta omsyn til det eventuelle ekstra arbeidet som eleven har gjort i faget, t.d. foredrag eller utgreiing. Prøver i faget må gå inn som ein naturleg del av undervisninga, og slik at dei kan motivere og fremje læringa. Det er viktig at eventuelle prøver så langt det er mogeleg har karakter av øving, og viser i kva grad elevane har tileigna seg stoffet og kan gjere greie for det. Samtaler i klassen og munnlege og skriftlege prøver bør variere, slik at elevane kan få vise kva dei kan på ulike område. Ein eventuell eksamen i faget skal vere ei skriftleg prøve der oppgåvene blir henta frå så sentrale emneområde at ein kan rekne med at alle elevane har fått opplæring i dei. 6. HJELPEMIDDEL Det er vanskeleg å setje opp ei samla oversikt over alle hjelpemidla i norsk med samfunnskunnskap. Det finst ei rekkje gode tilbod som film, biletband, transparentar, lydband, kassettar og plater. Lærarane og elevane må her bruke fantasi og initiativ. Opplysningsorganisasjonar og bransjeorganisasjonar har ofte ferdig utarbeidd materiell som kan vere til stor nytte. Til norskundervisninga må skolen ha (i tillegg til dei lærebøkene som elevane har):
Skann 61 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 59». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/61/