SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 57 skann 59

Norsk med samfunnskunnskap - Yrkesfag og lærlingskole 57 3.3.1 . Halvårige kurs Av omsyn til elevar som tek meir enn eitt halvårig kurs, må ein syte for ikkje å gå gjennom dei same emna i samfunnskunnskapen både haust og vår. For haustkurset gjeld: Vel a) og minst eitt av emna d), e), f), g), h) eller i) For vårkurset gjeld: Vel b) og c) og minst eitt av emna j)-p). Del kan og veljast andre emne som fell naturlege etter linjeval og interesser i klassen. 4. ARBEIDSMÅTAR 4.1 . Arbeide med faget Val av arbeidsmåtar må vere målretta, slik at elevane lærer seg å samarbeide og vise toleranse overfor kvarandre, samstundes som dei skal lærast opp til sjølvstendig og kritisk tenking. Arbeidet med faget må gi alle elevane eit rimeleg tilbod, også når ein tek omsyn til den spreiinga i evner, interesser og anlegg som ein må vente å finne der. Undervisninga må ta utgangspunkt i nivået hos kvar elev og nivået i klassen. Elevane må i samarbeid med læraren få rimeleg høve til å arbeide med emne som dei har spesiell interesse for. Dei må også få hjelp til å finne stoff og til å planleggje eit arbeid. Læraren bør - i den grad det er ønskjeleg og nødvendig - ta omsyn til den yrkesretninga elevane har valt. Eit hovudmål for arbeidet med faget er å samordne dei enkelte delmåla. Arbeidet med samfunnsorientering og litteratur skal ha ein verdi i seg sjølv, men bør også stø opp under utviklinga av språkevna til elevane og hjelpe dei i deira personlege vekst og modning. 4.2. Undervisningsformer Læraren og elevane bør samarbeide om ein framdriftsplan for undervisninga og for korleis ein kan veksle mellom ulike undervisningsformer, slik at opplegget blir både variert og målretta. Undervisninga bør veksle mellom klasseundervisning der heile klassen er samla om eit emne (t.d. samtale eller foredrag), og gruppearbeid der nokre elevar arbeider saman om ei oppgåve. Gruppene må vere organiserte slik at kvar elev kan ta aktivt del ut frå sine føresetnader. Elevane må også kunne arbeide med individuelle oppgåver på område der det er formålstenleg. Sidan faget berre har to veketimar, er det viktig at elevane i desse timane blir aktiviserte mest mogeleg.
Skann 59 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 57». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/59/