SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 56 skann 58

Norsk med samfunnskunnskap - Yrkesfag og lærlingskole 56 I) Kulturlivet Biletkunst og kunsthandverk Song og musikk Film og teater Idrett (amatør/proff, aktiv/passiv, eliteidrett/masseidrett, idrett og økonomi) m) Forholdet mellom i-land og u-land Kven er avhengig av kven? Korleis? Kolonialisme/frigjeringsrørsler Norsk utviklingshjelp - Korleis? Kvifor? n) Etikk Korleis skaper vi verdinormer i samfunnet vårt? Samfunnsmoral, personleg moral, ansvar og verdival Arbeidsmoral, solidaritet, lojalitet, gjensidige ansvarsforhold mellom den enkelte og fellesskapet Seksualmoral, prevensjon, abort Problem med døden - aktiv/passiv dødshjelp o) Lokalhistorie Arbeidsliv Daglegliv Kommunikasjonar Reiskapar Klesdrakter p) Lov og rett Domstolane Privatrett, familierett, kontraktar, erstatning og ansvar, tvistemål 3.3. Kommentarar ti! emnelista Når ein arbeider med å øve opp evna til å bruke språket munnleg og skriftleg, kan ein gjerne nytte emne frå samfunns- og arbeidslivet. Arbeid med referat, rapportar, brev og søknader kan ein knyte til den yrkesretninga elevane har valt, der det er naturleg. Kor stor vekt ein skal leggje på kvart emne i den skriftlege bruken av språket er avhengig av behovet hos elevane. Det vil vere naturleg at det er store variasjonar mellom dei ulike studieretningane som planen gjeld for. Elevane kan lese skjønnlitteratur, men også sakprosa med vekt på yrkesretta stoff. Ein del av lesestoffet bør vere på sidemålet. Ein bør leggje mindre vekt på om utvalet er representativt for norsk litterær tradisjon. Det er viktigare at litteraturen engasjerer elevane og gir innsikt i samfunnslivet. Klassen og læraren bør i fellesskap velje emne i samfunnskunnskap. Det er viktig at dei emna som blir valde, engasjerer elevane. Stikkorda under kvart emne peiker på mogelege innfallsportar til stoffet. Etiske spørsmål er etter målet for faget ein integrert del av heile undervisninga i norsk med samfunnskunnskap. Valemnet etikk skal ikkje erstatte dette, men gjere det mogeleg å fordjupe seg i enkelte felt.
Skann 58 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 56». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/58/