SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 53 skann 55

Norsk med samfunnskunnskap- Yrkesfag og lærlingskole 53 Orientering om arbeidslivet og yrka er obligatorisk. Denne orienteringa bør vere praktisk retta. Her må ein leggje vekt på samanhengen mellom arbeidslivet og samfunnet elles. Gjennom undervisninga i norsk med samfunnskunnskap gjeld det å få fram korleis eit samfunn fungerer, og kva for krefter som verkar i det. Undervisninga bør ta sikte på å utvikle toleranse og respekt for meiningar, tru og levevis hos andre - også i global samanheng. Ein bør bruke massemedium i undervisninga for å øve elevane opp til sjølvstendig og kritisk å vurdere dei informasjonskjelder som finst i eit samfunn. Undervisninga bør øve elevane opp i å bruke ulike arbeidsmåtar, både individuelt og saman med andre. 3. EMNEPLAN 3.1 . Utvalet av arbeidsstoff Arbeidsstoffet må vere slik at elevar med ulike føresetnader kan arbeide med det. Det må kunne engasjere elevane ved at det er nyttig, aktuelt eller ligg innanfor deira interessefelt og tek omsyn til elevar frå ulike studieretningar og linjer. 3.2. Emneliste 1. NORSK MUNNLEG OG SKRIFfLEG A. Munnleg bruk av språket - Samtale (i klasse eller gruppe) - Diskusjon (med og utan førebudde innlegg) - Presentasjon av rapportar og referat - Enkle foredrag - Høgtlesing B. Skriftleg bruk av språket Alle språklege oppgåver tek sikte på å øve opp uttrykksevna og å øve elevane i rettskriving, teiknsetjing 0.1. Arbeidet med skriftleg norsk omfattar også at ein arbeider med det utvalet av emna nedanfor som er mest nyttig for kvar studieretning og klasse: Brev - Søknader - Rapportar, referat, meldingar I tillegg skal elevane arbeide med andre skriftlege framstillingsformer som t.d. skildring, forteljing, utgreiing eller avisinnlegg.
Skann 55 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 53». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/55/