SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 52 skann 54

52 Norsk med samfunnskunnskap (2(3)-timars kurs) i studieretning for yrkesfag og i lærlingskolen 1. GENERELL INFORMASJON Norsk med samfunnskunnskap er eit kurs på to (tre) veketimar. Det høyrer til dei felles allmenne faga for elevar i 1-årige grunnkurs i studieretningar for yrkesfag og i lærlingskolen. Undervisninga skal i den grad det er mogeleg, byggje på det grunnlaget elevane har frå grunnskolen. Faget har eit generelt og eit meir spesielt siktemål: Det er eit allmennfag (med vekt på generell dugleik i språket, holdningar overfor medmenneska, samfunnet osv.) samtidig som det skal vere til hjelp for elevane når dei lærer seg eit spesielt yrke. I arbeidet med faget må ein heile tida ha desse to sidene ved målet for auge. 2. MÅL 2.1 . Arbeidet med faget skal gjere elevane sikrare i å bruke morsmålet munnleg og skriftleg gjere det lettare for dei å lese skjønnlitteratur og fagstoff med utbyte skape ei medviten og engasjert holdning til samfunnet og medmenneska, særleg med vekt på evna til sjølvstendig vurdering og samarbeid. Undervisninga tek i det heile sikte på å hjelpe elevane til personleg vekst og modning. 2.2. Kommentarar til målet Det er vesentleg at ein øver opp både den munnlege og den skriftlege språkdugleiken og uttrykksevna. Ein må også ta sikte på å øve opp evna til å vurdere korleis språket verkar i ulike situasjonar og samanhengar. Arbeidet med litteratur bør lære elevane å bruke tekstar av forskjellig slag som kjelde for kunnskapar, innsikt og oppleving.
Skann 54 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 52». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/54/