SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 372 skann 374

Framandspråk 372 Det skal ikkje her vere tale om reint mekanisk å rekne ut karakterar ut frå desse prosenttala, men dei kan vere til ei viss hjelp når ein skal vurdere det elevane presterer i dei ulike delane av faget. Den grunnleggjande dugleiken som må vurderast, er om elevane kan forstå og gjere seg forstått på det nivået som kurset legg opp til. Dernest må ein i vurderinga i aukande grad leggje vekt på kor greitt, rett og variert elevane kan bruke språket. I tvilstilfelle bør evne til munnleg dugleik tilleggjast størst vekt. I grunnkursa må ein og leggje vekt på kjennskap til eller innsikt i det saklege innhaldet i det undervisningsstoffet ein arbeider med. Det kan gjelde kunnskap om samfunns- og kulturforhold i vedkomande språkområde, og det kan gjelde kjennskap til praktisk bruk av allmenne språkreglar. Vurderinga vil bli gjord dels på grunnlag av den kjennskapen læraren skaffar seg til den språklege dugleiken til eleven gjennom det daglege skolearbeidet, og dels gjennom meir spesielle prøver. Når det gjeld munnleg, vil læraren t.d. ut frå lesing og samtaler få eit inntrykk av kor mykje eleven kan. Ein kan også bruke meir spesielle prøver, t.d. i uttale og intonasjon. Dei prøvene som blir brukte ved vurderinga, bør variere, slik at eleven kan få vise kva han eller ho kan på ulike område. Etter kvart som dugleiken aukar, skal ein leggje meir vekt på sjølvstendig bruk av språket. I den samla vurderinga av arbeidet til eleven må læraren ta med prøver i praktisk språkdugleik. Ein bør leggje prøvene slik opp at minnet ikkje blir ein avgjerande faktor for resultatet. Elevar med skrivevanskar av ymse slag bør få høve til å vege opp dette ved munnlege prestasjonar i faget. Elevar med talevanskar bør tilsvarande få høve til å vege opp ved skriftlege prestasjonar. Det er viktig i vurderinga å honorere mot og vilje til å uttrykkje seg. Ei prøve kan omfatte ein eller fleire dugleikar. Evna til å forstå talt språk og evna til å tale språket kan ein t.d. slå saman til ei form for munnleg prøve, mens leseforståing og evna til å skrive språket kan slåast saman til ei form for skriftleg prøve. Ein må leggje opp prøvene etter den arbeidsforma som har vore brukt. Prøveformene skal best mogeleg fremje alle sidene av målet for faget. 6. LÆREMIDDEL OG UTSTYR Dei hjelpemidla som blir brukte i språkopplæringa, må kunne vere med på å realisere desse tre hovudintensjonane i fagplanen: — effektiv fagleg læring - differensiert undervisningsopplegg - øving i ulike former for sjølvstendig arbeid og samarbeid Dei tekniske hjelpemidla som skolen bør ha, omfattar - lydbandopptakar og/eller kassettspelar for fellesundervisning i klassen og for gruppearbeid eller individuelt arbeid - skriftsprosjektør («overheadprojector») - filmapparat, filmband/biletprosjektør, fjernsynsapparat, video - eventuelt språklaboratorium.
Skann 374 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 372». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/374/