SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 373 skann 375

Framandspråk 373 Det er avgjerande for ei effektiv utnytting av dei hjelpemidla som skolen rår over, at dei er ordna og i god stand, slik at ein kan setje dei inn i undervisninga straks det er behov for dei. Hjelpemidla for språkundervisninga må ein samle på ein sentral stad på skolen, slik at det ikkje blir for tungvint eller tidkrevjande å transportere materiellet. I klasserom som blir brukte til språkundervisning, bør det vere fast bandopptakar/kassettspelar med ekstra høgtalar, skriftprosjektør med lerret, lettvint tilkopling til andre projeksjonsapparat og enkelt blendingsarrangement. For å kunne realisere ei differensiert undervisning er det avgjerande at læraren har gode hjelpemiddel og høve til å bruke grupperom og individuelle studieplassar.
Skann 375 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 373». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/375/