SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 371 skann 373

Framandspråk 371 4.5. Studieteknikk Rettleiing i studieteknikk er ein viktig føresetnad for at elevane skal kunne ta ansvar for eiga læring og utvikle ei sjølvstendig haldning til arbeidet. Denne må vise elevane korleis dei kan skaffe seg oversikt over eit stoff, finne fram til hovudpunkt, skilje mellom vesentleg og uvesentleg, repetere og samanfatte. Elevane må få rettleiing i å notere og lage samandrag, og i å ordne stoffet slik at det kan brukast seinare, t.d. til oppgåveskriving eller gjennomgåing på skolen. Elevane må få rettleiing i dei ulike fasane i ein prosessorientert skrivemetodikk slik at dei kan nyttiggjere seg dei i samla klasse, i mindre grupper eller individuelt. Elevane må få orientering om dei hjelpemidla skolen har til rådvelde for arbeidet med faget, slik at dei kan nytte det arbeidsstoffet dei har sjølve saman rped det som finst på skolen. 4.6. Planlegging Ein skal planleggje undervisninga ut frå den føresetnad at kvart årskurs så langt råd er skal utgjere ei eining som ein kan byggje vidare på i neste årskurs. Fagplanen gir læraren og elevane etter måten stor valfridom når det gjeld å leggje opp undervisninga i faget. Denne valfridomen krev at læraren har oversikt over innhaldet og læregangen i heile kurset, t.d. med omsyn til kva for stoff ein skal lese, gangen i den praktiske opplæringa, oppgåver osv. I førstninga av skoleåret må elevane få orientering om målet for og innhaldet av den årseininga dei skal ta til med. Den planen læraren har lagt på førehand, må ein sjølvsagt kunne justere eller endre saman med elevane når det viser seg nødvendig. Elevane må i stor grad få kjensla av at dei kan påverke sin eigen arbeidssituasjon. Den planlegginga som blir gjennomført for kvar årseining, må omfatte eit oversyn over kva slags lærestoff og hjelpemiddel ein kan bruke, korleis ein eventuelt kan dele undervisninga i periodar, tidspunkt for prøver osv. 5. VURDERING Vurderinga må byggje på målet for opplæringa. Dei særskilde måla for kursa på dei ulike stega vil saman med det generelle målet for alle språkfaga vere ei viss rettesnor for dei krava som kan bli stilte. Sentralt i vurderinga i språkfaga står dei fire dugleikane som alle er hovudmoment i målet. Dette kan vere ei rettesnor for det forholdet det kan vere mellom dei når ein set karakterar: - evna til å forstå det talte språket ca. 20 % - evna til sjølv å tale språket ca. 30 % - evna til å lese og forstå tekst ca. 20 % - evna til å uttrykkje seg skriftleg ca. 30%
Skann 373 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 371». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/373/