SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 370 skann 372

Framandspråk 370 Heimearbeid Heimearbeidet er ei vidareføring av undervisninga og arbeidet på skolen, og det er derfor viktig at det er samanheng mellom skolearbeidet og heimearbeidet. Elevane må få god orientering om heimearbeidet og korleis dei skal gjere arbeidet. Omfanget av heimearbeidet må vere overkomeleg på den tida elevane har til disposisjon. Lærarane må ta elevane med på råd når dei planlegg og samordnar heimearbeidet. På den måten blir elevane medansvarlege for at tidsramma blir halden. Det kan vere tilrådeleg å lage ein langtidsplan for heimearbeidet slik at elevane lærer seg å disponere tida. 4.4. Organisasjonsformer Det er ein føresetnad at skolen har høve til, etter nærmare retningslinjer, å nytte organisatorisk differensiering med formålstenlege arbeidsgrupper for å kunne gi undervisningstilbod som passar det faglege grunnlaget og føresetnadene hos kvar einskild elev. Dei forskjellige gruppene eller klassane arbeider altså etter den same fagplanen, mot det same målet og mot ei felles vurdering, men med eit arbeidsstoff som heilt eller delvis er lagt til rette etter ulike faglege nivå. Av omsyn til felles vurdering er det likevel nødvendig at dei ulike kursa eller nivåa har ein felles kjerne med stoff av allmenn karakter. Eit særtrekk ved språkundervisninga er at ein vesentleg del av arbeidet består av øving. Denne øvinga kan skje samla med gruppa eller klassen under leiing av læraren, eller ho kan skje i pargrupper eller i større grupper. Pedagogisk differensiering vil og vere nødvendig for å kome interessene, det faglege nivået, læringsstilen og arbeidskapasiteten hos elevane i møte. Differensiering innanfor klassen kan skje på fleire måtar: Ved stoffleg differensiering prøver ein å kome i møte dei ulike interessene som elevane kan ha, t.d. ut frå yrkesbehov. I språkfaga kan det vere snakk om stoffleg differensiering ut frå ulike emne, ut frå fagspråk og ut frå den metoden elevane synest dei lærer mest av. Ved nivådifferensiering prøver ein å leggje undervisninga og arbeidet opp til dei faglege føresetnadene hos kvar einskild elev. I språkfaga vil det seie at ein i same klassen kan måtte arbeide med stoff av ulike vanskegrad for ulike grupper av elevar i ein del av undervisningstida. Dette krev at ein har lærestoff som til ein viss grad er lagt til rette for sjølvstendig arbeid. Ved tempodifferensiering prøver ein å kome arbeidsevna og arbeidstempoet hos den einskilde eleven i møte. Elevane kan gjere seg ferdige med eit emne på ulik tid, og det må da vere mogleg for dei som arbeider raskt, å få stoff som fører vidare, anten i det same emnet eller i eit anna.
Skann 372 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 370». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/372/