SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 369 skann 371

Framandspråk 369 kommunikasjonssamanhengar. Språkfunksjonar er baserte på ei oppfatning av språk som handling. Kvar ytring er ifølgje denne oppfatninga å gjere noko - ved hjelp av språkfunksjonar som svarar til det kommunikative føremålet, til dømes prøve å bli kjent med nokon, prøve å overtale nokon, be om orsaking osv. Terminologien som blir brukt i den vidaregåande skolen, må så langt råd er samsvare med det elevane har lært i grunnskolen. Evna hos elevane til å forstå og nyttiggjøre seg grammatikkundervisning varierer sterkt. Det vil derfor i dei fleste klassane vere behov for differensiert grammatikkundervisning både når det gjeld type og omfang. 4.3. Undervisningsformer Dei undervisningsformene ein kan bruke, er avhengige av kva for språkkurs det er tale om, av føresetnadene hos elevane og av dei samla hjelpemidla og romma som står til disposisjon. Det er ein føresetnad i fagplanen at ein varierer mellom ulike undervisningsformer i dei enkelte årskursa. Dette trengst både for differensieringa og for å skape nødvendig avveksling i arbeidssituasjonen. Så langt råd er må ein prøve å veksle mellom ulike undervisningsformer i ei ordning som elevane kjenner til og kan ha nytte av. Desse hovudkrava bør ein stille til alle undervisningsformer som blir brukte: - å skape ein positiv atmosfære for arbeid og læring - motivering - å organisere undervisninga godt når det gjeld emne, hjelpemiddel og arbeids former - organisering - å presentere eller demonstrere stoffet mest mogleg klart og konkret - konkreti sering - å stimulere elevane til aktivitet - aktivisering - å avklare og feste momenta for læringa - oppsummering - å gi elevane høve til å påverke sin eigen arbeidssituasjon - ansvar for eiga læ ring. Gruppearbeid Ved å bruke gruppearbeid kan ein variere undervisninga, utvikle evna hos elevane til å samarbeide, ta ansvar, planleggje og gjennomføre ei oppgåve. Føresetnadene til elevane og typen av oppgåve vil bestemme omfanget av gruppearbeidet. For at ein skal lære ved gruppearbeid, er det viktig at alle elevane er aktivt med ut frå sine eigne føresetnader. Ein bør prøve å variere samansetjinga av gruppene i rimeleg grad. Oppgåva for læraren i gruppearbeidet kan vere - å organisere gruppene - å planleggje oppgåver og emne for gruppearbeidet - å rettleie og informere gruppene under arbeidet
Skann 371 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 369». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/371/