SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 368 skann 370

Framandspråk 368 Utfyllings- og omformingsoppgåver av ymse slag høver til å øve inn ordforrådet og grammatiske strukturar, og kan brukast på fleire steg. Omsetjing (korte einingar) til eller frå det framande språket bør ein kunne bruke, særleg på dei vidaregåande stega, for å kaste lys over eller feste bestemte element i fraseologi og grammatikk. Svar på spørsmål vil vere ei vanleg skriftleg øvingsform på mange steg. Det er og viktig å gi elevane øving i å lage spørsmål. Attforteljing gir øving i skriftleg framstilling og i taleforståing. Referat og samandrag av tekst eller av opplese eller inntalt stoff eignar seg best som øvingsform på dei vidaregåande stega. Meldingar og brev er former for skriftleg språkbruk som kan vere viktige i det praktiske livet, og som ein derfor til ein viss grad bør kunne bruke som øving i alle språkkurs i den vidaregåande skolen. Kommentarar til innhaldet eller språket i ein tekst kan ein bruke helst i dei vidaregåande kursa. Parallellskriving er ein slags stil på bakgrunn av ein tekst som fungerer som modell for det eleven sjølv skriv (t.d. ei skildring av eigen by/heimstad på bakgrunn av tekst om ein fransk by/landsby). Stil øver elevane i samanhangande og sjølvstendig framstilling og i å gi uttrykk for eigne tankar og røynsler. Dei eigenlege frie stilane bør ein førebu i begynnarkursa ved ymse former for stilar der forskjellige element i stilen er innøvde eller gitt opp på førehand. Friare kreative framstillingar der elevane får høve til å nytte genre som dikt og novelle eller eventyr. Det er viktig - i alle skriftlege øvingar - ikkje berre å ha det ferdige produktet for auge. Elevane lyt lære å nytte hjelpemiddel, medelevar og læraren undervegs. Dei må lære å skrive utkast, søkje råd og skrive om att. Læraren må gi dei innsikt i at det er fleire trinn i prosessen mot det ferdige produktet. GRAMMATIKK OG MEDVIT OM SPRÅKFUNKSJONAR Innsikt i grammatikk må i den vidaregåande skolen først og fremst vere eit middel til å nå ein allmenn språkdugleik, slik målet for opplæringa viser. Denne må derfor vere funksjonell og tene den samla opplæringa. I dei vidaregåande kursa i studieretning for allmenne fag vil ein kunne ta opp grammatikk/språkfunksjonar som eit spesielt emne. Det er eit siktepunkt for undervisninga at elevane lærer seg den terminologien som trengst for å gi språklege forklaringar og for å kunne forstå vanlege feil i språkbruken. Elevane må lære seg å bruke sentrale grammatiske former, setningsmønster og språkfunksjonar aktivt, slik ein finn dei i vanleg språkbruk. Det er nødvendig å velje språkfunksjonar som er nyttige og akseptable i vanlege
Skann 370 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 368». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/370/