SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 367 skann 369

Framandspråk 367 uttale- og intonasjonsøvingar og leseøvingar dialogø vingar, der elevane øver samtale ved å lære replikkar utanåt. Dei bundne øvingane er ei form for øving til ein friare talesituasjon. Dei skal i første rekkje tene til å øve inn god uttale og intonasjon, til å styrkje bestemte språkvanar og til å auke presisjonen og farten. Dei vanlegaste formene for friare munnlege øvingar er - spørsmål/svar på grunnlag av tekst, inntalt stoff, film, biletmateriale, videoprogram osv. samtale som gir elevane høve til både å gi og søke informasjon (informasjonskløftøvingar og øving basert på konstruerte meiningsskilnader) - friare samtale i klasse eller gruppe - diskusjon om eit emne - referat eller samandrag av stoff som er høyrt eller lese, korte orienteringar el ler miniforedrag - framføring av sketsj, rollespel, rapport frå gruppearbeid, intervju, spørreunder søkingar, individuelt arbeid osv. I arbeidet med alle typar munnlege øvingar er det viktig å skape behov hos eleven for å uttrykkje seg. Ein kan lese ein tekst på ulikt vis. Om kravet er at eleven skal gjere greie for innhaldet, må han eller ho ikkje ha forstått teksten i alle detaljar. Vil ein øve språkleg innsikt, lyt ein bruke meir tid på lesing og gjennomgåing. Det er viktig at eleven får øving i å få tak i hovudinnhaldet i ein tekst utan nødvendigvis å forstå kvart ord. Men lesinga må vanlegvis vere så pass grundig at ho er med på å auke det aktive og passive ordforrådet til elevane. Eit hovudmål er å auke evna hos elevane til å skaffe seg informasjon og innsikt ved å lese det framande språket. Eit anna er å gi elevane litterær oppleving og leseglede. Lesinga må vidare kunne danne grunnlag for forskjellige former for munnlege og skriftlege øvingar. Referat, spørsmål og stikkordslister kan vere gode øvingar for å oppnå dette. På grunnsteget bør ein gå i gang med slik lesing (t.d. lette tekstar med gloser) så snart det er mogleg. Ein bør etter kvart auke delen av slike tekstar. Øving i skriftleg språkevne Evna til å bruke språket skriftleg er ein del av den samla språkdugleiken som målet for opplæringa stiller opp. Den skriftlege opplæringa må derfor så langt råd er bli integrert med dei andre tamane og få den vekta og det omfanget ho skal ha ut frå målet. Det må under heile kurset vere ein vekselverknad mellom skriftlege og munnlege øvingar slik at skrift fører til tale, og tale fører til skrift. Ein må kunne bruke dei øvingane som er nemnde nedanfor, alt etter behovet på dei ulike stega og i dei ulike kursa: Diktat gir øving både i rettskriving og i å forstå talt språk og bør i første rekkje kunne brukast i begynnarundervisninga.
Skann 369 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 367». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/369/