SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 366 skann 368

Framandspråk 366 Ei viktig side av undervisninga er å lære elevane å arbeide sjølvstendig, slik at dei etter kvart kan planleggje arbeidet sitt og ta ansvar for si eiga læring. Dei må lære korleis dei kan dra nytte av erfaringane og kunnskapen til både læraren og medelevane. I nokre høve vil det vere mogleg å nytte framandspråket i tverrfagleg prosjektarbeid. 4.2. Øvingsformer Øving i å forstå tale Formålet med lytteøvingane er å øve elevane i å forstå vanleg tale, så vidt mogleg i naturleg tempo. Med vanleg tale må ein her forstå talespråk som er i samsvar med ein akseptert standarduttale, og med dei avvik ein kan finne i ein slik standard, t.d. mellom britisk og amerikansk engelsk. Kravet om at undervisningsstoffet stort sett følgjer ein standarduttale, må ikkje hindre at ein kan ta inn språkvariantar i undervisninga i den grad undervisningssituasjonen tilseier det. Øving i å forstå tale bør så langt råd er omfatte ulike former for talt språk: daglegtale, opplesing av nyhendestoff i radio, kåseri, foredrag, inntalte sakprosatekstar og skjønnlitteratur osv. Øving i å forstå tale bør vere eit fast innslag i undervisninga, og øvingane bør ha ein klart stigande vanskegrad. Læraren må i størst mogleg grad tale framandspråket i dei ulike undervisningssituasjonane. Øving i uttale / munnleg språkevne Formålet med den munnlege øvinga er å utvikle evna hos elevane til å bruke språket mest mogleg flytande og korrekt i meiningsfylt samanhang. Ein må leggje undervisninga opp slik at elevane får høve til å tale språket så ofte som mogleg. Dei viktigaste sidene ved den munnlege øvinga er — å øve inn god uttale, intonasjon og flyt - å øve inn og utvide ordforrådet og setningsmønstra. Dette må skje i språkleg meiningsfylt og naturleg samanheng. Øvingane må vere lagd opp slik at elevane får tillit til eiga språkevne. Elevane kan ha ulike personlege føresetnader og evner når det gjeld uttale. Undervisninga og kravet til prestasjonane bør derfor så langt råd er vere tilpassa kvar einskild elev. Ein må vere varsam overfor elevar som har talefeil, eller som har sterke hemningar når dei skal uttrykkje seg medan kameratane høyrer på. I undervisninga må ein leggje til grunn ein uttale som er representativ for språket. Dersom ein elev har tileigna seg ein annan representativ uttalevariant av språket, skal ein godta dette. Lydskrift kan vere til hjelp for å oppnå riktig uttale. Elevane bør lære lydskriftteikna slik at dei kan ha nytte av dei når dei skal slå opp i ordlister eller ordbøker. I undervisninga kan ein skilje mellom bundne øvingar og frie øvingar. Dei vanlegaste formene for bundne taleøvingar er
Skann 368 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 366». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/368/