SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve) s. 365 skann 367

Framandspråk j 365 Elevane bør få innføring i: - skriftnormalar i nordsamisk - dialektskilje - språkhistorie Ein må nøye vurdere omfanget av pensumlitteraturen i forhold til føresetnadene hos elevane. Som utgangspunkt kan ein ta sikte på eit eksamensstoff på ca. 50 sider. 3.3. Kommentarar til arbeidsstoffet Det sidetalet for arbeidsstoffet som er oppgitt, må ein sjå på som ei ramme som ein reknar med at klassane eller gruppene kan greie å fylle. Omfanget av eksamensstoffet er identisk med dette sidetalet. Klassar som bruker mykje tid til å arbeide med AV-stoff (lydbiletband, film, videoprogram), kan til ein viss grad redusere omfanget av lesinga. AV-stoff med tekstar (t.d. skoleradioprogram) kan ein ikkje rekne reduksjon for dersom desse tekstane blir rekna med i det oppgitte arbeidsstoffet for kurset. For kvart AV-program på ca. 25 minutt eller meir, med etterarbeid kan ein redusere det stoffet som blir lese med fire sider. Den samla reduksjonen bør ikkje vere meir enn ein firedel av den samla lesinga. Sakprosastoffet bør i alle kurs vere minst ein tredel av det samla arbeidsstoffet. Det inntalte stoffet som blir brukt, må vere av god kvalitet både teknisk og når det gjeld framføringa av stoffet, røystutvalet osv. I arbeidsstoffet for kvart årskurs bør det finnast materiale som viser korleis språket blir brukt i daglegtale. Det må og vere tekstar som gir høve til oppleving. 4. ARBEIDSMÅTAR 4.1 . Dei konsekvensane målet har for arbeidet med faget I dei fleste aktivitetane er det viktig å leggje vekt på at elevane skal utvide ordforrådet sitt, at dei skal prøve å tileigne seg god uttale og skaffe seg meir kjennskap til korleis språket blir brukt. Det er viktig at opplæringa blir lagd opp slik at elevane kan få mest mogleg aktiv språkøving, og at det blir skapt ein undervisningssituasjon som kan motivere dei til å ta aktivt del i arbeidet i klassen eller i gruppa. Det er nødvendig å utvikle eit varmt og venleg læringsmiljø slik at elevane våger og ønskjer å bruke språket til å formidle tankar, kjensler og meiningar. Dei skal og lære seg til å spørre om andres kjensler og meiningar. Opplæringa i den vidaregåande skolen er tenkt bygd opp gjennom årskurs som utgjer ein viss heilskap. For vidare læring er det viktig at det kan leggjast eit språkleg grunnlag som er fast nok til å byggje vidare på. Eit hovudsiktemål i arbeidet med kvart språkfag må vere å oppnå dette.
Skann 367 av R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve)
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1992 (6. utgåve), s. 365». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1992-komplett/s/367/